Hopp til innhold

Ny felgproduksjon i Høyanger

Det vert igjen ny felgproduksjon i Høyanger. I 2011 startar produksjonen av den nye felgtypen - den mykje omtala hybridfelgen.

Tidlegare utviklingssjef i Fundo, Einar Aasen.

Tidlegare utviklingssjef i Fundo, Einar Aasen, snakkar ikkje lenger OM hybridfelgproduksjonen kjem i gang att, men NÅR.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den glade bodskapen kom under eit næringslivsmøte i regi av Høyanger kommune onsdag kveld.

- St. Jean Industries gav beskjed like før jul om at dei ynskjer å satse i Høyanger. Intensjonen er 150 tilsette og inntil 500 000 produserte hjul i Høyanger i 2015, fortel kontaktpersonen deira, Einar Aasen.

- Samde om vilkår

Fundo Wheels i Høyanger

Den franske bildeleprodusenten St. Jean Industries vil skape liv i lokala til Fundo Wheels i Høyanger.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Franskmennene er samde med Innovasjon Norge om vilkåra i avtalen som gjer dei til ny eigar av patenten på hybridfelgen. Avtalen er førebels ikkje signert. Om det tek ei veke, to veker eller to månadar veit ikkje Aasen, men han er optimist.

- Vi er samde om vilkåra, og det ser ut til at finansieringa er i orden. No blir det jobba med kontraktene og eit utkast er til gjennomsyn i Frankrike. Eg trur at dette går i orden, seier han.

Eitt år sidan i Høyanger

Aasen har tidlegare vore utviklingssjef ved Fundo Wheels. Felgfabrikken måtte under finanskrisa i januar i fjor gje tapt og over 300 tilsette mista jobben sin. Fleire snusa på fabrikken. Torsdag 11. mars er det eitt år sidan den franske direktøren første gang vitja Høyanger.

- Dei har gjort grundige undersøkingar i marknaden og på teknologien vår, og funne ut at dette er noko dei vil satse på, seier Aasen.

- Godt over 100 millionar

Allereie i haust vonar franskmennene å komme i gang med produksjonen. Hjetland Industrier vil saman med Høyanger kommune kjøpe dei gamle produksjonslokala til Fundo, og leige desse ut til St. Jean Industries. Kor mykje den franske bildelprodusenten må betale for å starte opp att i Høyanger.

- Dei skal betale noko no for patenten, og noko for maskiner. Men dei må framleis investere for å industrialisere prosessen. Det er snakk om vesentlege investeringar i framtida, godt over 100 millionar kroner, seier Aasen.

- Ikkje som å kjøpe cola

Hybridfelgen skal ikkje produserast for produksjon før i 2011. Då med ein arbeidsstokk på 14 personar.

- Dette er ikkje som å selje pølse eller cola. Den som skal kjøpe må investere ein del både i dag og framover. Først og fremst må dei få orden på kvalitetssikringssystemet, få marknaden på plass att og få i gang att avtalene vi mista då Fundo gjekk konkurs. Det blir ikkje veldig mykje i starten, truleg 20-30 000 hjul i året, seier han.

Ventar på signaturen

Ordførar i Høyanger, Kjartan Longva, er forsiktig optimist og vil ikkje sleppe jubelen laus før Innovasjon Norge og St. Jean Industries har signert avtalen.

- Det er veldig viktig å få Fundo på plass att. No har huset stått som eit spøkelse i over eitt år. Det blir ikkje den store arbeidsplassen i 2010. Oppbemanninga kjem frå 2011 og utover. Det er viktig også symbolmessig, seier han.

Vil ikkje ha noko eventyr

Longva både håpar og trur at dersom franskmennene kjem i gang att, så er det for godt.

- Det er klart at vi ikkje vil ha noko eventyr med Fundo som gjer at vi om tre år er konkurs. Vi skal heller ikkje inn på eigarsida, seier han.