Hopp til innhold

Dei nye bjøllene kan redde livet til desse lamma

To gonger i døgnet sender den nye data-sauebjølla signal til bonden om kvar dyret er. Det kan redde sauene frå rovdyr som jerv og ulv i fjella i Sogn.

Frykt for rovdyr får sauebøndene til å ta nye grep. Sauer som skal på fjellbeite i Sogn, blir denne sommaren utstyrte med GPS-bjøller.

Sauen får på seg ei ekstra bjølle med GPS før ho skal til fjells. Ei ekstra tryggheit for bonden før han sender ho avgarde. For i fjella vandrar også rovdyra.

– Så heng vi den berre på sånn, så heng den og dinglar fint her. Då kan vi sjå inne på datamaskina kvar ho er. Om dei ikkje rører på seg, så får vi alarm om det. Då kan vi springe fort ut og sjå om det er noko gale, seier sauebonde Jostein Flatland.

I Sogndal har beite og sankarlaget rundt 160 sporingsbjøller på sauene sine. Farane i fjellet er mange. Og sendaren rundt halsen gjev svar.

Uroa for rovdyra

Flatland og andre vestlandsbønder er uroa for årets beitesesong, og trur at dei datastyrte bjøllene vil gje ein ekstra tryggleik.

– I år er vi ekstra uroa. No veit vi at det er mange jervar i området, så veit vi også at ein ulv har drepe eit lam ikkje så langt herifrå. Det er med litt blanda kjensler vi slepp dei til fjells akkurat no, seier Flatland.

I fjor vart det gjeve erstatning for 513 lam og sau i Sogn og Fjordane og Hordaland på grunn av rovdyr. For at bonden skal få erstatning for tap, må det dokumenterast at rovdyr har vore på ferde.

Trur bjøllene er til hjelp

Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn ser årleg mange drepne sauer, han meiner at dei nye bjøllene til rundt 2000 kroner kan vere til hjelp.

– Beitebrukarane få tidleg avklara kva som er tapsårsak på sauene sine. Så vil det også vere ei fordel for oss når vi skal ut kva som er dødsårsaka. Då kan vi kome tidleg til kadaveret og sjå om det er rovdyr som er dødsårsaka, eventuelt kva rovvilt det er, seier Golf til NRK.

Erstattar ikkje tilsyn

Bonden meiner desse ikkje erstattar tilsyn med sauene. men er eit godt supplement for å lære om kvar sauene går og finne ut kva som skjer med dei når dei ikkje finn dei att.

– Vi kan finne sauene att, og vi kan sjå kvar dei går, og om dei blir drepne eller dauar av ein annan grunn. Nokon trur at vi no berre sit framfor PCen og ikkje ser etter sauene våre, men dette gjer det jo berre enda meir spennande å gå ut og sjå etter dyra, meiner Jostein Flatland.