NRK Meny
Normal

Ny aksjon: Fem menn pågripne etter stort hasjfunn

Politiet meiner å ha stogga ein vesentleg leverandør av hasj til Sunnfjord-området.

Dag Fiske

BESLAG: Regionlensmann i Sunnfjord, Dag Fiske, seier det ikkje er uvanleg at narkotika blir gøymt i terrenget. – For dei som driv med stoff av litt kvantum er det vanleg modus å gøyme det i terrenget, seier han.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fem menn i 20-åra vart i går pågripne etter funn av ei større mengd hasj i Jølster.

– Mennene er sikta for grovt narkotikalovbrot, og beslaget er over ein kilo hasj som var gøymt i terrenget, seier regionlensmann Dag Fiske.

Kom frå Oslo

To av dei pågripne er dimitterte etter avhøyr. Politiet meiner desse har ei perifer rolle i saka. To menn som politiet meiner transporterte hasjen frå Oslo til Jølster, er førebels ikkje avhøyrde.

Mannen som politiet meiner er hovudmottakar blir sendt til utlendingsinternatet på Trandum med tanke på utvising frå landet.

Vedkommande skal ha vore i landet i mange år, men har ikkje gyldig opphald.

– Dei stiller seg uforståande til siktinga, seier Fiske.

Over lengre tid

Politiet aksjonerte etter tips frå publikum. Mennene skal ikkje vere knytt til nokon av asylmottaka i regionen. Tre av mennene vart pågripne på bustad.

Regionlensmannen vil ikkje kommentere kor stort beslaget er. Han viser til at siktinga går på grovt narkotikalovbrot, som svarar til over ein kilo hasj.

– Vi meiner at dei som skulle ta i mot stoffet har vore relativt sentrale på omsetnad av hasj i Sunnfjord-området over ei relativt lang tid. Dei har vore pågripne for narkotika før, og vi meiner dei på årsvis har vore omsetjarar av narkotika, seier Fiske.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.