Hopp til innhold

NVE ønskjer kommunen til vindkraft – men kan få motstand i nytt kommunestyre

NVE meiner store område i nye Stad kommune kan vere eigna for vindkraft. Men listetoppane i nykommunen ser med skepsis på planane.

Paul Jacob Helgesen

KOMMUNANE MÅ BESTEMME: Paul Jacob Helgesen frå Senterpartiet meiner kommunane sjølve må få bestemme når det kjem til vindkraft.

Foto: Benedikte Grov / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi er positive til fornybar energi, men meiner det er riktig å ha ein skepsis til vindmøller på land.

Paul Jacob Helgesen er ordførarkandidat for Senterpartiet i nye Stad kommune. I vår la NVE fram ein stor vindkraftplan der dei peiker ut dei 13 områda i landet dei meiner er best eigna for vindkraft. I planane inngår område i nye Stad kommune.

– Fornybar energi er viktig for framtida, men vi ser at vindkraft har to sider, og den andre sida må vi sjå nærare på. Går vi ti år tilbake i tid var det gjerne ei meir positiv haldning til vindkraft, men no har det endra seg – og gjerne med god grunn, seier Helgesen.

Ap-skepsis

Også listetopp for Arbeidarpartiet i den nye kommunen, Siri Sandvik, er det skeptisk til fleire vindmøller i Stad kommune.

Siri Sandvik

SKEPTISK: Arbeidarpartiet er skeptiske til nye vindmøller på land, seier Siri Sandvik, ordførarkandidat i Stad kommune.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Arbeidarpartiet er generelt skeptiske til nye vindkraftprosjekt på land. Vi meiner ein først og fremst bør sjå nærare på moglegheiter og ny teknologi innanfor havvind, seier ho.

– Er vindkraft eit vanskeleg tema?

– Ja, det er veldig vanskeleg. Overgangen til eit klimavenleg samfunn krev meir fornybar energi, og det er naturleg at Noreg tek ein del av dette ansvaret, kanskje også for meir kraft enn vi treng sjølve. Nokre meiner det er betre med vasskraft, men det er vel heller ikkje heilt ukontroversielt, seier Sandvik.

Uaktuelt med gigantiske anlegg

Ordførarkandidat for Venstre, Alfred Bjørlo, seier den lokale sjølvråderetten er viktig når kjem til vindkraft.

– Venstre har både lokalt og nasjonalt ei restriktiv haldning når det kjem til etablering av nye anlegg. Vi er opptekne av det er kommunal sjølvråderett som gjeld, at kommunen kan seie ja eller nei til det enkelte anlegg, seier Bjørlo.

– Dette er ein områdeplan for veldig store område. Gigantiske anlegg ser eg på som heilt uaktuelt i våre område. Om det kan kome planar om mindre anlegg, der det er positivt ønske om det lokalt, vil eg ikkje setje absolutt foten ned for det.

– Trengst nasjonal gjennomgang

Helgesen meiner motstanden ein ser mot vindkraft mange stader botnar i at det må store naturinngrep sett opp imot det ein får att.

– Vi må sjå på kva får vi igjen av kraft og kva klimagevinst, mot kva det kostar oss, seier han.

Sp-politikaren etterlyser ein nasjonal gjennomgang av rammevilkåra for vindkraft.

– Eg meiner vi må sjå på det som handlar om skattlegging og heimfallsrett.

– Det er eit tankekors at det står fram som lukrativt å byggje ut store vindparkar, men det er stor industri som krev mykje areal og store investeringar. At det tilsynelatande skal vere enklare å få gjort enn å effektivisere vasskrafta, er noko ein må sjå på.

– Kommunane må få bestemme

Det er Olje- og energidepartementet som har gitt NVE i oppdrag å lage eit forslag til ei nasjonal ramme for vindkraft på land. Forslaget er sendt på høyring.

Innan 1. oktober må Eid og Selje ha gitt sine høyringsuttaler til planen. Saka skal også drøftast i fellesnemnda for dei to kommunane. Stad kommune blir ein realitet ved årsskiftet, derfor skal dagens kommunar gi kvar sine høyringsuttaler.

– Vi er opptekne av vi må få vite kva folk som bur her, meiner. Når vi seier vi er skeptiske til vindmøller på land, er det utgangspunktet. Ikkje minst må kommunane ha siste ordet om det skal kome ei utbygging, seier Helgesen.

nve_nasjonal_ramme_vindkraft_0419