Hopp til innhold

NRK kårar det beste russesprellet

Er du russ og i det kreative hjørnet? NRK premierer det beste russeinnslaget med ein pizzakveld!

Russefeiring

KREATIVE INNSLAG: NRK premierer det beste russesprellet med pizza for 2000 kroner. Biletet syner frå venstre mellom anna Førde-russen sitt arrangement med amerikansk fotball for to år sidan og ein russebil av det litt spesielle slaget.

Foto: Rune Fossum / Mari Langva / NRK

Har gjengen din fiksa ein spesielt stilig russebil? Samlar du som russ inn pengar til eit godt formål? Veit du om nokon som finn på noko ekstra morosamt i russetida?

Skal du overraske ordføraren eller presten i kommunen din med frukost på morgonkvisten, eller kanskje overnatte utandørs? Kanskje har du eller nokon du kjenner ein spesielt fin russedress...

Kreativitet kan lønne seg

NRK Sogn og Fjordane vil gjerne oppmode russen i fylket til å bruke kreftene sine til å setje farge på feiringa med positivt forteikn.

Vi kårar det beste russesprellet, og vinnarane får eit gåvekort på 2000 kroner på ein valfri pizzarestaurant.

Ver kreativ og nytt høvet til å gjere noko artig. Har du planar om eit humorinnslag eller eit stunt i russetida, kan det vere du eller gjengen din som vinn konkurransen.

Frist for å sende inn er 15. mai

Dette skal vere ei kåring som oppmodar til positiv aktivitet. Vi er ute etter kreative innspel og sprell. NRK godtek ikkje bidrag som inneber bruk av alkohol eller plaging av andre.

Frist for å sende inn bidraga i konkurransen er sett til 15. mai. NRK.no kårar det beste innslaget 16. mai.

Send ein e-post der du fortel oss om russesprellet ditt på sf@nrk.no. Hugs å leggje ved dokumentasjon i form av foto. Merk e-posten med «Russesprell».