Hopp til innhold

1000 unge på årets russefest

Russen lova årets beste og villaste fest. Det lokka over 1000 ungdommar til Florø.

Laurdag arrangerte Florarussen ein stor fest i sentrum av byen. Arrangørane lokka med både internasjonale og nasjonale artistar som DJ-en og houseprodusenten Dave Darell, Jaa9&Onkl P, Gest som er dommar i årets Idol, Piddi fra Spetakkel, Kim frå Paradise Hotel og Jonas og Diego fra Bartenderskolen.

Nikolai Belsvik

ARRANGØR: Russepresident Nikolai Belsvik var med på å lage til festen.

Foto: Silje Swensen

Eit populært innslag var rodeooksen som var leigd inn for kvelden.

– Dette blei ein flott kveld og det var god stemning, seier russepresident Nikolai Belsvik som var med på å arrangere festen.

Og russ frå heile fylket hadde teke turen til kystbyen laurdag kveld.

– Parkeringsplassen var full av russebilar og det var russ frå mellom anna Årdal, Sogndal, Dale, Sandane og Førde, fortel han.

Kim kom frå Paradise Hotel

Ein bonus for mange av jentene som hadde møtte fram, var Kim frå Paradise Hotel.

– Alle jentene tok heilt av då han kom. Han var med på å få opp stemninga. Kim, Jonas og Diego kåra mellom anna Mister og Miss Chichelacke 2011.

Chickelacke i Florø 2011

RODEOOKSE: Mange prøvde å halde seg lengst mogleg på oksen.

Foto: Silje Swensen

Politiet melder om lite bråk og trøbbel i samband med russearrangementet. Belsvik seier han heller ikkje opplevde nokre store ordensforstyrringa.

– Det gjekk roleg for seg og vi hadde bra med vakter, seier han.

Går i pluss

Festen var for både dei under og over 18 år og var ikkje berre for russen. Belsvik seier det var over 1000 betalande og reknar med at dei går i pluss.

– Noko av det skal gå til veldedige føremål. Restent skal vi bruke til ein russefest, ein slags avskjedsfest, seier han.