Hopp til innhold

Norske kyrkjer blir lite brukt – i Hyllestad har dei gjort radikale grep

HYLLESTAD (NRK): I Hyllestad kyrkje har dei gjort fleire drastiske grep for å gjere kyrkja meir bruksvenleg. Det synest biskopen i Bjørgvin er veldig positivt.

Soknerådsleiar Jostein Ryland

VISER KVA DEI HAR GJORT: På bispevisitasen viser soknerådsleiaren Jostein Ryland kva dei har gjort for å modernisere Hyllestad kyrkje. I bakgrunnen kan ein sjå dei nye stolane, og skjermen som er noko av tiltaka.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Mange kyrkjebygg i Noreg blir lite brukt. Ein rapport KA har gjennomført viser at ein av ti kyrkjer blir brukte ein gong i månaden eller sjeldnare.

Dette rammar spesielt kommunar med få innbyggjarar, som til dømes Hyllestad kommune i Sogn.

«Hyllestadmodellen»

Hyllestad kyrkje har gjort drastiske grep for å tilpasse kyrkja dagens samfunn.

Dei starta i 2012 med renovasjon av kyrkja. Då bytta dei ut kyrkjebenkane med stolar. Dei fekk også inn nytt lys- og lydanlegg og ei IT-tavle som heng framme i kyrkja.

– Dette har gjort at vi kan ha andre typar arrangement her. Til dømes har vi hatt konsertar, basarar og ulike opplegg til barnehage- og barneskuleborn, seier soknerådsleiar Jostein Ryland.

Grepa dei har gjort vert kalla «Hyllestadmodellen».

Biskopen er veldig positiv til det Hyllestad kyrkje har gjort, og meiner dette er eit døme fleire kyrkjer bør følgje. Biskopen brukar Hyllestad til å inspirere andre kyrkjer.

– Ikkje alle treng vere like radikale som dei, men så lenge ein ikkje bryt med den kristne trua kan ein nytte kyrkja slik ein vil, seier biskop Halvor Nordhaug.

Vil ha reform

– Vi må få gjennom ein folkekyrkjereform, og få folket med oss for å ta betre vare på kyrkjene og fylle dei med liv, seier Nordhaug.

Biskopen peikar på at alle må vere med på denne reforma. Både næringsliv og lokalbefolkning må stille opp, saman med kommunen. I Hyllestad har dei lagt ned mange dugnadstimar for å oppnå det dei har fått til.

Biskop i Bjørgvin Halvor Nordhaug

BISKOP: Halvor Nordhaug er svært positiv til det Hyllestad kyrkje har gjort, og meiner andre kyrkjer bør la seg inspirere.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

– Over 2000 dugnadstimar har gått med. Prosjektet er eit lågkostnadsprosjekt, og saman med midlar frå næringsliv og kommunen, har me klart å få til eit godt resultat, seier Ryland.

Har for mange kyrkjer

Trass i at mange kyrkjer vert lite brukt er det kommunane som må ta kostnaden med vedlikehald.

I Luster kommune har dei om lag 5000 innbyggjarar og tolv kyrkjer, og kommunen må betale for ti av dei.

– Ein skulle ønskt at ein ikkje hadde så mange å ta vare på. Det er ei stor oppgåve fordelt på få menneske, seier ordførar Ivar Kvalen.

Luster er den kommunen som brukar mest per innbyggjar på kyrkjebygg, ifølgje ordføraren.

– Det hadde vore enklare med færre kyrkjer, men mange har sterke kjensler knytt til kyrkja i sitt lokalsamfunn. Det gjer det vanskeleg å gjere noko med dette, seier han.