NRK Meny
Normal

Norled og Fjord1 vurderer å slå seg saman

Norled AS og Fjord1 AS har inngått ein intensjonsavtale om å greie ut grunnlaget for å etablere eit offensivt nytt sjøselskap med base på Vestlandet.

Norled Romsdalsruta Molde
Foto: NRK

– Vi gjer det for å få musklar til å møte nye framtidige anbod som kjem i Noreg, seier Ingvald Løyning som er styreleiar i Norled.

Det påtenkte selskapet vil bli ein solid aktør, både regionalt og nasjonalt. Selskapet vil ha naudsynte føresetnadar for framtidig satsing internasjonalt, heiter det i pressemelding.

– Vi er to selskap som utfyller kvarandre. Fjord1 er eit sterkt selskap på store norske samband. Det er eit tung og solid selskap innan ferjedrift. Norled har kanskje meir av ny teknologi, til dømes som ampere som no blir sett inn i drift på ferjesambandet Lavik-Oppedal.

Satsar internasjonalt

– Vi trur at denne marknaden kjem til å bli meir internasjonal i år som kjem, seier Dagfinn Neteland som er administrerande direktør i Fjord1.

Dagfinn Neteland

BUR SEG PÅ INTERNASJONAL KONKURRANSE: Dagfinn Neteland er administrerande direktør i Fjord1.

Foto: Hilde Anita Røyrvik / Fjord1

For 10 år sidan, var det lokale selskap, så vart det nasjonale selskap. No bur Fjord1 og Norled seg på den internasjonale konkurransen dei ventar kjem.

– Dette er ein marknad som også er open for. Vi er tidleg ute. Vi ynskjer å etablere eit kraftsenter innan ferjetrafikk i Noreg. Det er store biletet.

Tøff konkurranse

Ingvald Løyning

VURDERER SAMANSLÅING: Ingvald Løyning er styreleiar i Norled

Foto: Tommy Ellingsen

– Konkurransen er tøff, og det vi ser er at klarer ikkje å levere på dei krav som kjem.

Medan materiellet til selskapa berre blir eldre og eldre, kjem det stadig strengare krav til blant anna miljø i dei nye anboda som blir lyste ut.

–Vi treng å samla og utnytta dei ressursane vi har på ein betre måte.

Tidlegast i januar 2016

Selskapa skal i perioden framover lage eit felles forslag til korleis det nye selskapet kan bli etablert.

– I utgangspunktet har vi gitt oss sjølve det neste kvartalet til å finne ut eigarskapsmodellar, og korleis aksjefordelinga bør vere. Når vi finn ut av dette så er det og ein prosess i forhold til konkurransetilsynet, så det er nok ikkje realistisk at vi er i mål før året er omme.

Kva skal barnet heite?

– Vi har ikkje tenkt på namn enno, eller strukturar på kontor og slike ting.

– Eit nærliggande namn som ville femne om begge selskap er jo Nordfjord, er det noko de vil vurdere?

– Både det og Fjorled kan vere aktuelle, ler Løyning. Eg for min del er open for eit kvart godt namn. Sjølv er eg glad i namn som fortel litt om kva selskap driv med,