Hopp til innhold

7 kilometer nedover på kjelke

Tenk å setje deg på rattkjelken, og framfor deg ligg kilometer med kilometer med nypreparert, bratt akebakke.

Sjå video: 7km ned frå Hoven

– Det er heilt fantastisk, det går så fort du berre vil, seier Vegard Rake Midtun.

Du treng ikkje vere 10 år gammal for å synest at å renne på rattkjelke er det beste ein kan drive med ein vinterdag. I helga sette Rake Midtun seg rattkjelken på fjellet Hoven i Loen, 1000 meter over havet. Framfor seg: om lag sju kilometer akebakke.

– At det går i 30, 40, 50 kilometer i timen, det er eg ikkje i tvil om, kanskje enda fortare òg. Det må vere ein av Norge sin lengste og enklaste akebakkar.

Rein, pur akeglede

Akebakken er eigentleg ein traktorveg som vart brukt som anleggsveg under bygginga av gondolbana Loen Skylift. Rake Midtun hadde med seg eldste sonen og ein kamerat av sonen i «akebakken».

– Vi brukte ein heilt vanleg rattkjelke, vi har sjølvsagt fantasert om å konstruere noko som er mykje større, betre og kraftigare, men det e berre ein fantasi enn så lenge, ler Rake Midtun.

Vegard Rake Midtun

SJU KILOMETER PÅ KJELKE: Vegard Rake Midtun vedgår at sjølv vaksne vert rivne med når akebakken er lang nok. – Absolutt, eg er kanskje den største pådrivaren eg, ler han.

Foto: Privat

Han legg ikkje skjul på at det krevst både bremser og taktikk for å kome trygt ned.

– Det ligg ekstra snø i svingane, men ein må vite kva ein gjer, både når det gjeld å avpasse farten før svingane og at ein bremsar ned tidleg nok, seier han og snakkar av erfaring.

– Eg har eit stort sår på leggen etter søndag.

– Ta omsyn

Traktorvegen vert no trakka for å kunne frakte maskiner og utstyr, som ikkje kan gå med gondolen, opp på fjellet, men det er ikkje trafikk på vegen så lenge Loen Skylift er open.

– Folk er veldig opprømte, dei som har prøvd det seier det er fantastisk morosam og utfordrande tur, den er jo lang, seier Odd Rune Flo, sal- og aktivitetsansvarleg i Loen Skylift.

Flo oppmodar samstundes akarane til å vere forsiktige.

– Vi oppfordrar folk på det sterkaste til å vise varsemd. Vegen er ikkje sikra eller tilrettelagt frå vår side. Folk må ta omsyn til kvarandre.

Med unntak av nokre hundre meter midtvegs, ber det nedover heile vegen til Opheim.