Hopp til innhold

Nordmenn manglar like ofte kjetting

Norske lastebilsjåførar blir like ofte tatt på fersken utan nok kjettingar som sine utanlandske kollegaer. Men dei utanlandske manglar ofte fleire kjettingar når dei blir kontrollerte.

Video Trailerer stenger fjelloverganger

STORKONTROLL: Onsdag hadde Vegvesenet storkontroll på E16 i Lærdal. Store køyrety som skulle over Filefjell eller Hemsedalsfjellet måtte vise at dei hadde kjettingar med seg.

Frå 1. november til første måndagen etter andre påskedag må alle vogntog og semitrailerar ha med seg sju kjettingar skal dei ut på vegane i Sør-Norge. Blir dei stoppa i kontroll får dei ikkje køyre vidare dersom dei ikkje kan vise fram sju brukande kjettingar.

Berre ved Statens vegvesen sin kontrollstasjon på E16 i Lærdal har nesten 300 store køyrety fått køyreforbod fordi dei ikkje har hatt med seg dei kjettingane det er krav om.

Og tala er klare: dei norske sjåførane er like dårlege som dei utanlandske.

Hadde storkontroll på fjellet

Statens vegvesen har fullt fokus på kjettingar og vinterutrustning når gradene blir blå og det kjem snø frå himmelen. Onsdag stilte dei seg like godt opp ved to av dei store fjellovergangane i Sør-Norge.

I Borlaugkrysset i Lærdal stod Vegvesenet mannsterke for å sjekke alle vogntog og semitrailerar som hadde tenkt seg over anten E16 Filefjell eller riksveg 52 Hemsedalsfjellet.

– Vi tenkjer trafikktryggleik. For oss er det viktig at alle kjem seg opp og over fjellet på ein trygg måte, seier inspektør Gunnar Brevik i Statens vegvesen.

Ville forhindre kaos

For det er ikkje alltid at ting går som smurt over dei store fjellovergangane i Sør-Norge. Dei siste vekene har det fleire dagar vore kaotiske tilstandar når lastebil på lastebil har køyrd seg fast på glatta. Ofte ville truleg bruk av kjetting kunne sett ein stoppar for problema.

For å sikre seg best mogleg mot bilar i grøfta hadde Statens vegvesen i dag storkontroll på E16 i Lærdal. På hovudvegen mellom Bergen og Oslo slapp ingen forbi, dersom dei ikkje hadde kjettingar og dekk som passa seg på vinterføre.

Blant dei mange tungbilsjåførane som vart stogga var det fleire som hadde svært lite erfaring med kjetting.

– Vår erfaring er at dei aller fleste ønskjer å vere skodde for forholda. Men det er ikkje alltid dei hadde planar om å køyre over fjellet, kanskje er det ein tilfeldig tur, og då er det ikkje alltid dei veit kor viktig det er med kjetting, seier Brevik.

Norske sjåførar like dårlege

Av dei vel 300 store køyretya som har fått køyreforbod fordi dei ikkje har alt i orden når det kjem til kjettingar, er det nesten like mange nordmenn som utanlandske sjåførar. Det syner tal frå Statens vegvesen.

Samtidig viser det seg at manglane ofte er hakket verre når det kjem til dei utanlandske, seier Thormod Gausdal på trafikant og køyretyseksjonen i Sogn.

– Norske sjåførar manglar ofte ein kjetting, kanskje fordi dei har øydelagt den på vegen. Medan utlendingane kanskje ikkje har ein einaste kjetting, eller dei har kjettingar som ikkje passar til dekka, seier Gausdal til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Semitrailer i grøfta

I GRØFTA: Denne semitraileren hamna i grøfta på riksveg 15 utanfor Stryn. Han hadde ikkje kjettingar sjølv og hadde dagen før stole det frå ein norsk kollega på Strynefjellet.

Foto: Jan Ivar Vik

Torde ikkje over fjellet

Blant sjåførane som vart stogga på E16 onsdag var det også nokre som hadde kjetting, men som ikkje visste korleis dei skulle bruke dei. Ein av dei valde like godt å vente på ein kollega, eller betre vêr.

– Sjåføren forklarte at det var første gong han skulle bruke kjetting. Han synst det var vanskeleg og litt skummelt, og ville vente på ein kollega som kunne hjelpe han, seier Brevik.

Utlendingar oftast i grøfta

Viking redningsteneste har til no i vinter hatt det travelt. Stadig vekk står det vogntog og semitrailerar i grøfta, og ofte fører det til stengde vegar og lange køar.

Arve Wangensteen er sjef for Viking Redningsteneste sine stasjonar i Vang, Årdal og Lærdal. Han seier vel 70 prosent av bergingsoppdraga er utanlandske køyrety.

Mange hamnar også i grøfta sjølv om dei brukar kjetting, og Wangensteen seier problemet med fastkøyrde vogntog og semitrailerar er svært samansett.

– For dei utanlandske bilane handlar det mellom anna om at dei ikkje får fordelt trykk på drivakslingane, på grunn av køyretykombinasjonen dei brukar. Men ofte er det også sjølve vegen som blir problemet, seier Wangeensteen og legg til:

– Store delar avvegane over fjella er så smal at når to større køyrety møtast blir det stogg. Med nullføre og glatt vegbane er det ikkje alltid det hjelper med kjetting.

– Nordmenn kan bli flinkare

Sjølv om Wangensteen oftare må hjelpe utanlandske bilar ut av grøfta meiner han mange norske lastebilsjåførar kan bli betre. Også dei hamnar i grøfta og Wangensteen hadde ønskt at fleire brukte kjetting oftare.

Han viser til at det er betre å bruke kjetting ein gong for mykje, enn ein gong for lite.

– Utan kjetting kan ein fort skape farlege situasjonar, både for seg sjølv og for andre.

– Ta til dømes nullføre. Då må ein ofte ha kjetting skal ein vere sikker på at ein klarar å stogge i tide. Blir du hindra av ein annen reiser du fort i grøfta sjølv også om du ikkje har kjetting på, seier den erfarne redningsbilsjåføren.