Hopp til innhold

Stengde fjellet i fleire timar

I over to timar stengde eit polsk vogntog E16 over Filefjell tysdag kveld. Vegen var opna for fri ferdsel like over klokka 23.

Polakk i grøfta

I GRØFTA: Den polske vogntogføraren stengde Filefjellet då prøvde å rygge seg ut av problema på veg opp mot Tyinkrysset.

Foto: Ole Kristian Espeland / NRK

Då hadde Filefjell vore stengd sidan 2030.

Vogntoget fekk problem på veg opp mot Tyinkrysset, noko som toppa seg då han prøvde å rygge ned att og hamna i grøfta.

– Han rygga seg rett og slett ut i grøfta, og der står han bom fast, fortalde vakthavande ved Vegtrafikksentralen, Jan Erikstad.

Stengt og kolonne

Ifølgje Vestoppland politidistrikt ordna Viking sjølv opp i proppen. Fleire vogntog kom seg ikkje over fjellovergangen og måtte stå i kø.

Onsdag morgon er det uveret som skaper problem på fjellovergangane. Fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland er stengd og riksveg 13 over Vikafjellet. På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er det kolonnekøyring.

Såpeglatt E39

Tysdag kveld vart det meldt om svært glatt veg på E39 i Gaular. Like før klokka 06 onsdag morgon hamna ein bil av vegen ved Langelandsvatnet. Bilen vart liggande på sida i grøfta, men det skal ikkje vere personskade.

Bilen skal ikkje vere til hinder for trafikken, men politiet åtvara onsdag morgon om speglblank vegbane på staden.