Hopp til innhold

Nordfjording erkjente sal av anabole steroid

To menn frå Nordfjord har i avhøyr erkjent å ha hatt og brukt dopingmiddel. Den eine har også erkjent sal av anabole steroid.

Dei to mennene som begge er i 20-åra blei arresterte heime hos seg sjølve i går, der politiet også ransaka bustadane.

Arrestasjonane skjer etter at politiet i regionen har etterforska treningsmiljøet dei to er ein del av. Mennene blei tekne med inn til avhøyr.

NRK får opplyst av politiet at dei to begge har erkjent at dei har hatt og brukt steroid. Den eine har også erkjent at han selte steroid til den andre.

Det er gjort beslag i samband med arrestasjonane. Ifølgje politiet er det ikkje snakk om store mengder, men mengder som svarar til eige bruk.

Dei to vart sleppte fri etter avhøyr, og har no status som sikta.