Hopp til innhold

Nordfjord Kjøtt sel Loen Skylift

Nordfjord Kjøtt sel seg ut av Loen Skylift, skriv avisa Fjordingen. Kjøtprodusenten gjekk inn i gondolbaneprosjektet med over 21 millionar kroner. No sel dei til Hotel Alexandra for over 42 millionar. Dagleg leiar Geir Egil Roksvåg seier til avisa at målet deira var å sikre utbygging. No som det går så det susar får andre vidareføre eigarskapen. Hotel Alexandra styrkar seg dermed som største eigar, og har no 45 prosent.

Utsikt frå skylift loen
Foto: Sigrid Skjerdal / NRK