Hopp til innhold

Nominert til eldsjelpris

Nesseplast AS, Fylkeskommunen si tannhelseteneste og Brødrene Aa AS er innstilte til årets eldsjelpris for bedrifter av IA-rådet i Sogn og Fjordane. Det skriv NAV i ei pressemelding. Ein eldsjelpris går også til enkeltpersonar, og der er Ann Elisabeth Tveit frå Innovasjon Norge, Ragnhild Holm frå Flora kommune og Sigrunn Rygg frå Jatak AS nominerte. Prisane blir delte ut på IA-dagen 27. september.

Erling Nesse i Nesseplast i Balestrand.
Foto: Aleksander Åsnes / NRK