Hopp til innhold

Poenglaus kamp for Sogndal

Eit skuffa Sogndal måtte reise heim utan poeng etter tap mot Aalesund i kveld.

Ulrik Flo

STOR SJANSE: Ulrik Flo hadde ein stor moglegheit til å skåre like før slutt, men klarte ikkje å sette ballen i mål.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Det såg lenge ut til at sogningane skulle klare å sikre seg eit poeng, men like før slutt skåra heimelaget. Kampen enda dermed 1-0.

Trond Fylling

SVAKT: Trond Fylling seier at kampen i dag var mykje dårlegare enn kampen mot Tromsø.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sogndal var bra defensivt, men sleit framover. Laget var nølande og ikkje på hogget i dagens kamp. Sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling, seier det var fortent at Aalesund vann.

– Det er ikkje tvil om at det. Vi hadde nokre moglegheiter i begge omgangane, men sett under eitt hadde vi ikkje fortent å vinne, seier Fylling.

Fylling fortel om ein kamp der Sogndal aldri kom skikkeleg igang og dei blei springande etter motspelarane.

– Dette er noko av det svakaste vi har levert. Det går ikkje an å samanlikne dette mot det vi presterte mot Tromsø.

Hovland utvist

Like før slutt blei Even Hovland utvist då han fekk sitt andre gule kort. Like etter skåra Aalesund.

– Det var eit enormt trøkk dei siste speleminutta. Det var også bra trøkk frå heimepublikummet og vi hadde ein dommar som ga oss berre eit frispark i heile kampen. Det blei for mykje.

Aalesund hadde fleire store sjansar til å skåra, men sette altså ikkje ballen i mål før i sluttminutta.

– Det hadde vore godt med eit poeng i dag og det er litt bittert av det ryk heilt på slutten.

– Litt syndebukk

Even Hovland

RAUDT KORT: Even Hovland måtte gå av banen like før slutt.

Foto: Rune Fossum / NRK

Even Hovland var endeleg tilbake på laget etter å ha vore ute med skade. Fem minutt før ordinær sluttid, fekk han sitt andre gule kort.

– Eg føler meg litt som ein syndebukk, for det blei eit endå større trøkk i kampen då eg blei utvist. Men eg tykkjer dommaren var streng då eg fekk det andre gule kortet, seier Hovland.

Udjus var god

Trond Fylling framhevar keeper Kenneth Udjus i dag og seier han var god i mål. No reiser laget heim og førebur seg mot cupkamp neste helg. Deretter tek dei imot Viking på heimebane i neste serierunde.

– Vi må forbetre oss kraftig om vi skal klare å ta poeng framover.

Har ikkje mista trua

Harald Aabrekk

MÅ KJEMPE FOR Å KLARE SEG: Trenar Harald Aabrekk har framleis trua.

Foto: Rune Fossum / NRK

Også Sogndal-trenar Harald Aabekk er samd i at Åalesund fortente poenga i dag. Men han tykkjer det er trasig å miste eit poeng når laget heldt stand så lenge.

– Eg trykkjer spelarane gjorde ein heroisk innsats. Eg er stolt av gutane, dei gjorde ein fin defensiv jobb. Problemet vårt er at vi ikkje hang med tempomessig og blei for seine inn i situasjonane, seier Aabrekk.

Det blir ein kamp for Sogndal å overleve i divisjon, men Aabrekk har ikkje mista trua.

– Vi skal stå på heile vegen inn, seier han.