Hopp til innhold

No toppar Florø tabellen åleine før neste kamp

Florø toppar no tabellen i 2. divisjon åleine, tre poeng framfor opprykksrival Nest Sotra.

Endre Kupen

KJEMPA GODT: Endre Kupen har vore ein av Florø sine viktigaste spelarar i år. (Arkivfoto)

Foto: Truls Kleiven / NRK

Lysekloster – Florø SK 1-3, 2. div. avd. 3:

Toppscorar Endre Kupen fekk seg ein solid smell i kneet i bortekampen på Os, men alt tyder på at Florø si målmaskin er tilbake alt i neste runde.

– Han blei nok litt hemma etter at han gjekk i bakken, men det var nok "berre" ein smell, heldigvis, seier Florø-trenar Terje Rognsø til NRK.

Endre Kupen skreiv seg ikkje inn på scoringslista i kampen mot Lysekloster, det gjorde derimot Erlend Hove (2) og Rasha Mohammed (1).

– Dette var ein tøff bortekamp, og var slett ikkje noko vi tok enkelt på. Eg er mest nøgd med at vi gjennomfører kampen på ein proff måte, slår Rognsø fast.

Stefan Aase måtte stå over kampen mot Lysekloster, men Rognsø satsar på at både han og Endre Kupen kjem sterkt tilbake til kampen mot Fana komande helg.

– Det er Fana eg tenker på no, og at vi i dag klarer å score på det vi har øvd på, seier Terje Rognsø på telefon frå Os.

For Fana glimta også til i dag då dei slo Nest-Sotra 2-1 på heimebane. Dermed ligg Florø tre poeng framfor Nest-Sotra før neste kamp.

PS! Førde klarte sin første siger på lange tider i dag heime mot Fyllingsdalen. Dermed har Førde framleis eit lite håp om å karre seg oppover frå sisteplassen på tabellen.

Laster innhold, vennligst vent..