Hopp til innhold

No startar detaljplanlegging

Luster Turlag har no signert ein avtale med Snøhetta om teikning av den nye turisthytta på Tungestølen i Luster.

Nye Tungestølen teikna av Snøhetta

SLIK SKAL DEN SJÅ UT: Nye Tungestølen teikna av Snøhetta.

Foto: Snøhetta/DNT

I konkurranse med 66 andre arkitektfirma var det til slutt Snøhetta som i august i fjor stakk av med oppdraget å teikne den nye turisthytta på Tungestølen i Luster . No er det skriven under avtale om detaljerte teikningar.

– I løpet av åtte veker skal dei vere klare. Då skal vi kostnadsrekna det slik at vi kan gå ut å få finansiert prosjektet, seier Stein Bugge Næss, som er leiar for arbeidsgruppa som jobbar med Nye Tungestølen.

Offer for Dagmar

Den opphavlege turisthytta på Tungestølen vart lagt i ruinar då orkanen Dagmar herja på Vestlandet 1. juledag 2011 . Bygga som no kjem i stølsområdet under Jostedalsbreen blir moderne og alt anna enn tradisjonelle. Det fekk mange til å reagere då vinnarutkastet til Snøhetta vart presentert i august 2015.

Stein Bugge Næss, Luster turlag

NYE TUNGESTØLEN: Stein Bugge Næss er leiar for arbeidsgruppa som jobbar med Nye Tungestølen.

Foto: Privat

– Det skapte mykje debatt, ja. Men eg trur det vil skape mykje trafikk til Veitastrond og Tungestølen. Det er uvanleg arkitektur på ein støl, men samstundes veldig spanande etter mi vurdering, seier Bugge Næss.

Tidlegast om to år

Planane for Tungestølen omfattar bygningar på til saman 600 kvadratmeter. Det er meir enn Luster turlag kan koste åleine.

– Vi snakkar nok fort om 12–15 millionar, så det er store summar det er snakk om, seier Bugge Næss.

– Korleis skal det finansierast?

– Vi må no ut å presentere prosjektet for nokon som har pengar. Elles blir det å søke på midlar der det er mogleg.

– Når håpar de å kunne ta i mot dei første gjestene på Nye Tungestølen?

– Vi må nok i alle fall rekne 2016 som eit år der vi prøver å skaffe pengar. Går det bra så kan vi vere heldige å kunne bygge i 2017 og opne i 2018, seier Bugge Næss.