Hopp til innhold

Snøhetta skal bygge nye Tungestølen

I konkurranse med 66 andre arkitektfirma var det til slutt Snøhetta som stakk av med oppdraget å teikne den nye turisthytta på Tungestølen i Luster.

Nye Tungestølen teikna av Snøhetta

NYE TUNGESTØLEN: Like oppunder Jostedalsbreen ligg Tungestølen,

Foto: Snøhetta/DNT

Juryleiar Anne Mari Aamelfot Hjelle frå Den Norske Turistforening er over seg av begeistring for teikningane dei i dag kan presentere av dei nye hyttene på Tungestølen i Luster.

– Dette er veldig moderne og veldig annleis enn dei gamle hyttene. Men samtidig er det bygd opp etter same prinsipp, med fleire små hytter rundt eit tun. Måten dette skal byggjast på, med modular som kan endrast, synst vi var spennande, seier ho om konseptet frå det norske prisvinnande arkitektfirmaet Snøhetta.

– Vi hadde lyst å tenke annleis

For mange er det gjerne litt ekstra spesielt at det no kjem nye bygg i stølsområdet under Jostedalsbreen. Til jul er det nemleg fire år sidan den kjende Tungestølen vart lagt i ruinar då orkanen Dagmar herja på Vestlandet 1. juledag 2011.

– Måten Tungestølen vart vekke på var dramatisk. Så frå å vere veldig leie oss har dette blitt ein opptur, der vi har hatt både bygda og grunneigarar med oss på laget, seier Aamelfot Hjelle.

– Det var veldig viktig for oss å finne det rette konseptet. Vi kunne ha bygd opp att Tungestølen slik den var, men vi hadde lyst å tenke annleis.

- Funksjonelle hus i norsk tre

Aamelfot Hjelle skildrar planane for det nye stølsområdet på Tungestølen som ei blanding av tradisjonelt og utradisjonelt.

– Det utradisjonelle er forma på bygga, det er ingen som er like. Samtidig er det bygd rundt eit tun, der kvart bygg har sin funksjon. Vi opplever at dette gir moglegheit til å huse både dei store brefølgja som kjem over breen, men også det unge eller det eldre paret som vil komme for å hygge seg ein stad der dei får servert god lokalmat, seier juryleiaren.

Medan nokon vil meine at dei nye bygga er for moderne og trendy, avviser Aamelfot Hjelle ein slik karakteristikk.

- Hus som blir bygde i dag ser ikkje like ut som dei som vart bygde for 100 år sidan, slik har det alltid vore, seier ho og viser mellom anna til bygga er svært funksjonelle og at det blir brukt norsk tre.

Håpar å opne i 2017

Det er førebels usikkert kva som blir prislappen på prosjektet.

– Vi håpar å få sette spaden i jorda neste sommar, men det avheng av økonomien, og det er det vi skal begynne jobbe med no. Vi har som mål å opne i 2017, seier ho.

Det var til saman 67 arkitektfirma frå inn- og utland som melde si interesse for å teikne «Nye Tungestølen Turisthytte». Til slutt stod det mellom Carl-Viggo Hølmebakk AS, Snøhetta Oslo AS og Hamran/Johansen Arkitektur.

Tungestølen

TUNGESTØLEN: Slik såg det ut etter at Dagmar hadde rasert den gamle hytta på Tungestølen.

Foto: Hildegunn S. Heggestad