Hopp til innhold

No startar "Klassequizen 2018" – sjå når din skule får besøk

I år er det deltakarrekord med 38 skular frå Sogn og Fjordane som deltek i Klassequizen, kunnskapskonkurransen for alle elevane på tiande klassesteg.

Klassekqiuz 2018 Sogn og Fjordane, Wilhelm Støylen

QUIZMASTER: Wilhelm Støylen gler seg til å teste kunnskapsnivået hjå 10.-klassingane i fylket.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli

Det er sjette gongen NRK Sogn og Fjordane tek turen rundt til skarpskodde 10.-klassingar for å stille meir eller mindre intrikate spørsmål. Wilhelm Støylen er den som skal køyre rundt til dei 38 skulane som er med

– Eg gleder meg veldig til å kome rundt og treffe ungdommar i heile fylket. Vi har mange gode spørsmål på lur og eg er spent på å sjå korleis 10.-klassingane klarer seg når eg kjem på besøk på dei ulike skulane, seier Støylen.

Fleire TV-sendingar

Nytt av året er at det vert fem TV-sendingar til slutt, (mot tre sendingar i fjor). Difor kjem det i år til å vere to lag frå fylket som går vidare til dei nasjonale finalane i Oslo. (Tidlegare år har vi sendt eitt lag til nasjonale finalar).

– Så i år er det endå større sjanse for å få seg ein tur til Oslo enn tidlegare år. Eg håper dette gjer at elevane synest det er endå meir spanande å vere med i årets konkurranse.

Ny innpakning

Klassequizen kan du høyre i våre radiosendingar kvardagar i halvtimen mellom klokka 15.00 og 15.30.

– Det blir ny musikk og innpakning på Klassequizen i år, så eg håper folk vil like årets utgåve av Klassequizen, seier Støylen.