NRK Meny
Normal

No inviterer desse driftige damene deg på framtidige kaffibesøk

Jenny Magnusson er den nye kvinna som skal jobbe med framtidsprosjekta til Framtidsfylket. No inviterer ho og dagleg leiar Gro Rukan på kaffibesøk.

Gro Rukan og Jenny Magnusson

DRIFTIGE DAMER: Jenny Magnusson og Gro Rukan satsar vidare med Framtidsfylket.

Foto: Thomas Bickhardt / NRK

Tidlegare trainee Jenny Magnusson er nytilsett som marknad- og kommunikasjonsmedarbeidar i Framtidsfylket AS, går det fram av ei pressemelding.

– Jenny sit på mykje erfaring etter året som trainee i Framtidsfylket og vil vere ein sterk ressurs for vidare utvikling av bedrifta, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Gro Rukan.

Ho har ein master i medievitskap frå Universitetet i Oslo og kjem frå ei stilling som trainee i kulturavdelinga ved Sogn og Fjordane fylkeskommune, kor ho jobba med informasjon- og kommunikasjonsoppgåver.

Vi oppmodar alle interesserte til å komme innom for ein kaffikopp og hyggeleg prat

Gro Rukan

– Spanande moglegheiter

Året i fylkeskommunen meiner ho gjev eit godt utgangspunkt for hennar nye stilling i Framtidsfylket.

– I fylkeskommunen lærte eg mykje om fylket og om alle dei spanande moglegheitene som finst her. Sogn og Fjordane har mykje å by på og eg ønskjer å gjere dette meir synleg for fleire, seier Magnusson.

Som marknad- og kommunikasjonsmedarbeidar skal Jenny jobbe med profilering, informasjonsarbeid og kommunikasjonsstrategiar. Ho skal ha tett kontakt med traineeane, jobbe med karrieremessene og jobbportalen framtidsfylket.no.

Tilbyr gratis kaffi

Både Jenny Magnusson og dagleg leiar Gro Rukan vil ha sin kontorplass i Framtidsfylket sine nye og trivelege kontorlokalar i Elvegården i Førde.

– Vi oppmodar alle interesserte til å komme innom for ein kaffikopp og hyggeleg prat, seier Rukan.

For tida jobbar dei to med å ta imot dei ni nye traineeane i kull 2013/14 i Framtidsfylket sin eigen traineeordning, og førebu karrieremesse i Sogndal 17. september.

Skal skaffe arbeidskraft

Framtidsfylket AS er eit selskap som har hatt ei god og spanande utvikling. Selskapet vart etablert i 2008 med ei overordna målsetjing om å rekruttere arbeidskraft til Sogn og Fjordane.

– Framtidsfylket skal vere ein synleg merkevare for karrieremoglegheitene i både offentleg og privat sektor her i fylket. Dei tre hovudaktivitetane til selskapet er Karrieremesser, jobbportalen framtidsfylket.no og traineeordninga i Sogn og Fjordane, heiter det i pressemeldinga.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.