Hopp til innhold

No skal Astrup til London

Neste veke opnar ei stor og brei utstilling av Nikolai Astrup sine bilete i London.

Solveig Berg Lofnes på Astruptunet

GLER SEG: Solveig Berg Lofnes ved Astruptunet seier det blir fantastisk med Astruputstilling i London neste veke.

Foto: Stian Sjursen Takle

På Astruptunet i Jølster håpar dei at dette skal føre til meir fokus på både kunstnaren, kunsten hans og ikkje minst på tunet der han budde og arbeidde.

– Det blir heilt fantastisk. Dette er noko vi har drøymt om i mange år, det er nesten så vi ikkje trur det kan vere sant, seier avdelingsleiar Solveig Berg Lofnes som har jobba ved tunet i fleire tiår.

Astruptunet

Jølster og Astruptunet er svært viktig for å forstå Nikolai Astrup sin kunst. Berg Lofnes syner NRK rundt i husa på tunet med utsikt over Jølstravatnet.

– No står vi i det huset som Astrup tok inn i, då han kom til Jølster i 1912/13. Då var det det einaste huset som stod her, som det gjekk an å bu i.

Etter eit par år bygde Astrup eit nytt hus, og det første huset han budde i vart nytta som gjestestove.

Astruptunet

ASTRUPTUNET: Håpar ny utstilling skal gi meir fokus på kunsten til Nikolai Astrup, og ikkje minst tunet der han budde.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Då var det nok mange gjester som var her, spesielt om sommaren. Til dømes Hans E. Kinck var ein god venn som vitja Astrup i Jølster.

Ser ein ut av vindauga i gjestestova ser ein rett bort på Bjørset og Bjørsetfjellet som Astrup nytta til eit av sine sjeldne vintermotiv.

– Det som slo meg eg då eg gjekk opp her i dag, sjølv om ikkje Astrup har små mykje vinter i bileta sine, så var det litt av den trolske stemninga her i dag som han er så kjend for.

London

I neste veke kan kunstinteresserte britar stifte kjennskap med dei trolske bileta til kunstnaren frå Jølster. Då opnar det nemleg ei eiga Astrup-utstilling på anerkjende Dulwich Picture Gallery i London.

– Det må få mykje å bety. Vi må vel vedgå at Astrup i dag er mest kjend i Norge. No blir det ei stor internasjonal utstilling, først i London og seinare i Tyskland. Det blir spanande å sjå korleis eit internasjonalt publikum tek i mot Astrup, seier Berg Lofnes.