Hopp til innhold

Gjer deg klar – no kjem finvêret

I dag letta vêret over heile fylket. Onsdag skal bli ein flott sommardag i Sogn og Fjordane.

Sommer og sol på Stokmarknes

ENDELEG: Juni har hatt svært mange dagar med regn, spesielt i Sunnfjord og på kysten. Men no kjem sola.

Foto: Grete Johansen

Etter mange dagar med regn kjem statsmeteorolog Halldis Berge med den glade bodskapen:

– Vi får fint ver i nesten heile fylket. Skyene lengst nord i fylket vil sprekke opp i løpet av tysdag ettermiddag. Det er nordleg bris på kysten, og opp til liten kuling i kveld. Elles blir det bra over heile fylket utover ettermiddagen og kvelden tysdag.

Med andre ord: den svært regntunge juni månad ser ut til å ende med sommarvêr i sine siste dagar.

20 grader

Men det blir ikkje veldig varmt. Tysdag vil makstemperaturen i fylket vere rundt 16 grader. Men det vil auke onsdag.

– Onsdag kan indre strok av fylket sjå 20-talet på gradestokken. Det blir stort sett fint ver heile onsdagen, men litt skiftande bris på kysten, og rundt Stad vil det vere liten kuling frå nordaust.

– Held dette ut veka?

– Ikkje heile veka. Men torsdag byrjar bra og finvêret held fram. Så skyar det til i løpet av føremiddagen. Men det ser ut til å vere opphaldsvêr, seier meteorologen.

Men framleis rundt 20 grader på gradestokken.

Til helga

Og desse varmegradene kan halde fram fredag.

– Det er usikkert kvar det er nedbør eller ikkje i fylket fredag, men det ser ut til å bli stort sett bra, med rundt 20 grader og litt skyer.

– Og på dei fleste stadar i fylket ser det ut til at nedbøren held seg vekke fram til laurdag, seier statsmeteorolog Halldis Berge.

Har du eit godversbilete? Tagg det gjerne med #nrksf på Instagram.

Laster innhold, vennligst vent..