Hopp til innhold

Hittil har det regna nesten kvar dag i juni

I Førde og Brekke har det regna 15 av 18 dagar i juni. Men mens bøndene riv seg i håret, lovar meteorologane meir nedbør.

Regn, regn og regn

BLAUTT: Det regnar over Vestlandet. Sjølv om det ikkje kjem mykje kvar gong, har meteorologane registrert regn nesten kvar dag.

Foto: Eirin Larsen / NRK

Det høljar ned over vestlendingane. På regntunge stadar som Bergen og Førde har det knapt vore opplett.

I Bergen har det regna kvar dag sidan juni starta. I Førde har det regna 15 av 18 dagar. Det same har det i Brekke i Sogn.

Til og med i Lærdal, som saman med Skjåk er mellom dei turraste stadane, har det regna 10 dagar i juni.

Det viser statistikk frå Meteorologisk institutt over tal dagar med nedbør over 1 millimeter.

– Juni er normalt den turraste månaden. Det er unormalt at det regnar sopass mange dagar på rad, seier statsmeteorolog Vibeke Thyness.

Tørkar ikkje

Det er ikkje alltid dei store mengdene som kjem. Men det er tilsig heile tida.

Det merkar Knut Bøyum i Fjærland. Han får ikkje teke slåtten.

– Er det ein solglytt nokre timar og me byrjar å sjå lyst på livet og seier at «no kan me starta traktoren», då byrjar regnet att, seier bonden.

Regn øydelegg for førsteslått

TV: Sjå TV-innslaget om bonden Knut Bøyum i Fjærland og slåtten han ikkje får teke.

Det er lågtrykka si plassering og gang gjennom landet som er årsaka til nedbøren.

– Høgtrykk og bra ver nede på kontinentet har pressa lågtrykk opp i Norskehavet. Det må forbi Vestlandet, og då legg det att regn på vegen, seier Thyness.

– Kor ofte har vi hatt så våte juni-månadar?

– Normalt ligg eit høgtrykk i nærleiken av sør-Norge i juni, som betyr lengre periodar med opphald. Eg kan ikkje hugse at det har vore så vått over tid som hittil i juni, seier statsmeteorologen.

Kollegaen Gunnar Livik kan ikkje love betring denne veka.

– Det kjem ingen langvarig turkeperiode. Onsdag og første del av torsdag blir fin, men ikkje lenge nok til å ta slåtten.

Knut Bøyum

VENTAR: Knut Bøyum fryktar graset mister energi som kuene skal nyte godt av til vinteren.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Låg temperatur

På Vangsnes i Vik har det også regna på bærbonde Ola S. Hopperstad.

– Vi har tak over det meste, så regn har ingen stor betydning. Men det har vore låge temperaturar, difor blir det ingen tidleg bringebær-sesong, seier Hopperstad.

– Eg har slutta å bekymre meg over ting eg ikkje kan gjere noko med. Det er eit større problem å seie kva som er normalt lenger. No går det sju-åtte år mellom det vi før kalla eit normalt år. Slik vi har det no, med regn, vind og låge temperaturar, er den nye normalen, meiner Hopperstad.

Blomstring

I Lærdal, som til vanleg har ein årsnedbør tilsvarande tre haustmånadar i Førde eller Bergen, har fleire regndagar ikkje fått konsekvensar.

– Men no byrjar blomstringa på bringebæra, og blomstring og regn er ingen god kombinasjon, seier Harald Blaaflat Mundal i Lærdal Grønt.

Høgt gras i Fjærland

GRØNT: Bøane er våte og graset blir ståande.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK