Hopp til innhold

No kan vegen gå til topps på prioriteringslista

Omfattande skader på rasoverbygga ved Kleiva i Honningsvåg i Selje gjer at reparasjon ikkje svarer seg. No tilrår fylkesrådmannen å prioritere vegen, og vurdere bygging av tunnel.

Steinras ved Kleiva på vegen til Honningsvåg ved Stad

KAN FÅ TUNNEL: Her kan det bli tunnel om fylkesrådmannen får det som han vil.

Foto: Geir Honningsvåg

Rasoverbygga Kleiva I og Kleiva II på fv. 633 i Selje kommune er skada av omfattande armeringskorrosjon. Etter å ha sett på kostnadar og HMS-situasjonen har Statens vegvesen vurdert det som ikkje tilrådeleg å sende mannskap opp for fjellreinsking. Dei har tilrådd å legge vegen i tunnel forbi Kleiva.

– Rasoverbygga er i dårleg forfatning og det er einaste vegen ut til Honningsvåg, så her må vi gjere noko før dei blir isolerte, seier nestleiar for samferdsleavdelinga i Fylkeskommunen, Ole Ingar Hagen Hæreid.

Tilrår tunnel

I oversikta over skredsikringsbehov er fylkesvegen i prioriteringskategori «høg» sjølv med sikringa dagens rasoverbygg har. Det hastar å finne ei løysing, blant anna grunna ein svært krevjande situasjon med alternativ transport med båt om noko går gale.

Statens vegvesen konkluderer med at ein kort tunnel på 600 meter vil vere tilstrekkeleg, etter ei synfaring våren 2015.

Flobygda nedprioritert

Fylkesrådmannen meiner dette prosjektet står i ei særstilling, og tilrår at fylkesveg 633 vert prioritert før oppstart av fylkesveg 722 Flovegen i Stryn.

– I Flobygda driv vi og planlegg, så det er nok ei stund til vi får fullført det prosjektet. Vi har rasmidlar som gjer at vi kan gjere ei omprioritering, men det gjer at vi må utsetje realisering av rassikring av Flovegen. Men vi er også avhengige av fullfinansiering på det i Flo før vi kan setje i gang, og det har vi ikkje per i dag, seier Hæreid.

Vegvesenet har førebels rekna at kostnadane med kort tunnel vil vere om lag 70–100 millionar kroner. Fylkesrådmannen legg til grunn at prosjektet kan løysast innanfor ramma på 150 millionar kroner som er til disposisjon til rassikring i framlegg til økonomiplan for 2017.

Saka skal til handsaming i hovudutvalet for samferdsle tysdag. Deretter skal den opp i fylkesutvalet og fylkestinget i desember.