Hopp til innhold

No kan Petra likevel få skåle med vin

Ordførar Harald Offerdal (Ap) i Balestrand fekk eit klart fleirtal med seg på å seie ja til øl og vin ved Balestrand helsetun.

Petra Våge

FÅR DRIKKE VIN PÅ HELSETUNET: Petra Våge var mellom dei som formannskapsfleirtalet ville nekte å nyte eit glas vin på Balestrand helsetun.

Foto: Ahmad Dean / NRK

I formannskapet var det fleirtal for å seie nei til søknaden frå helsetunet om skjenkeløyve.

Dette vekte oppsikt, og ordføraren i Flora, Ola Teigen (Ap), engasjerte seg og oppmoda Offerdal om å ta med seg ei vinflaske og gi dei eldre eit glas vin. Også stortingsrepresentant Bård Hoksrud (Frp) bad politikarane i Balestrand om å seie ja til skjenkeløyve.

Og torsdag vedtok Balestrand kommunestyre med 13 mot fire røyster at Balestrand helsetun skal få løyve til å skjenke alkohol til bebuarane mot betaling. Samstundes vedtok det same fleirtalet å legge inn i alkoholreglementet at helsetunet har løyve til å servere øl og vin utan å søke om skjenkeløyve når det ikkje blir teke betaling.

Harald Offerdal

FEKK FLEIRTAL: Ordførar Harald Offerdal (Ap) i Balestrand er glad for ja-vedtaket.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eit vetig vedtak

Dermed gjorde kommunestyret om på tilrådinga frå formannskapet. Ordførar Harald Offerdal seier at ein del av formannskapsmedlemmene ombestemte seg til saka kom opp i kommunestyret.

– Eg er glad for at vi har fått rydda unna dette og fått på plass eit etter mi meining vetig vedtak.

Det var ordføraren sjølv som la fram det framlegget som torsdag vekk klart fleirtal.

– Eg gjorde det for det første å få fastlagt ein gong for alle det som står i alkohollova, at det ikkje er ulovleg å skjenke alkohol på institusjonar til bebuarane og gjestene deira når dei ikkje krev betaling. Det andre var at det var greitt å gi helsetunet skjenkeløyve, i tilfelle dei må ta imot betaling ved servering av alkohol.

Harald Offerdal hadde ikkje venta at det skulle bli så mykje oppstyr etter at formannskapsfleirtalet sa nei til skjenkeløyve, men han forstår reaksjonane.

– Med mitt utgangspunkt forstår eg det engasjementet. Det skal berre mangle at ikkje dei som bur på helsetunet skal få lov til å ta seg eit glas vin.