Hopp til innhold

No kan du gå på tur i villreinen sitt rike igjen

Mildvêret før påske har smelta isen som låg som eit lok over beitet til villlreinen i Vest-Jotunheimen. Det betyr at turfolk kan reise til fjells utan dårleg samvit.

Villrein i Sunnfjord

VANSKELEG VINTER: Mildvêr etterfølgt av kulde la eit islag over vegetasjonen villreinen et om vinteren i Jotunheimen. No kjem våren, og fjellfolk kan igjen bruke områda der villreinen går.

Foto: Johan Moen / NRK

Det har vore ein hard vinter for villreinen i Jotunheimen. Skiftande vêr i januar og februar gjorde at det fraus på islag over vegetasjonen som er villreinen sin mat om vinteren.

– Villreinen bygger opp feittreservar om sommaren. Når reinen blir skremd av menneske spring den vekk, og det slit på dei små energilagera dei har.

Det fortel Magnus Snøtun som er nasjonalparkforvaltar i Jotunheimen nasjonalpark og Utlandalen landskapsvernområde.

Men no kryp våren sakte men sikkert oppover, og maten blir lettare å finne for reinsdyra.

Ta omsyn til drektige simler

Situasjonen er ikkje like akutt som i vinter for villreinen, men likevel er det viktig å ta omsyn til dyra etter den harde vinteren.

Spesielt simlene, ho-reinen, som snart skal kalve, er sårbare på denne tida.

– Simlene kalvar rundt 1. mai, så no er dei i sluttfasen. Då er dei ekstra sårbare, fortel Snøtun.

Storinnrykk på Turtagrø

På Turtagrø er det hektisk aktivitet før dei første påskegjestene kjem til fjells. Dei skal ha guida skiturar, yogakurs og skileik for barn og unge gjennom påskeveka.

Dei har også gjort litt for å informere sine turglade gjester om korleis dei best kan ta omsyn til reinen i området.

– Vi har fått ein plakat frå Villreinutvalet som vi heng i resepsjonen, og i tillegg legg vi ut informasjon på alle romma til gjestene, fortel Laila Hjellvoll som er dagleg leiar på Turtagrø hotell.

Det tek ho seg tid til i mellom varemottaking og andre gjeremål før hotellopning.

– Gjestene våre er glade i å vere på fjellet og i naturen. Det å sjå villrein er sjølvsagt ein stor oppleving for dei fleste. Men korleis ein må stelle seg for å ikkje skremme dei er nok litt ukjend for mange, seier ho.

Turtagrø i påska

OPNING: Turtagrø hotell er eit vanleg utgangspunkt for skiturar i Hurrungane. Dei har informert gjestene sine om korleis dei best kan ta omsyn til villreinen i området.

Foto: Arild Nybø / NRK

Fleire har interesser i området

Villreinutvalet er organisasjonen som representerer grunneigarane i fjellområdet der villreinen ferdast. Dei er opptekne av å ta vare på dyra i området, og fortel at dei samarbeider godt med andre som har interesser i området.

– Vi har hatt møte med både Turtagrø, vegvesenet og friflyt om villreinen og korleis vi kan ta omsyn til det best mogleg. Vi opplever at folk er veldig interesserte i å ta vare på reinen, fortel Vidar Moen som er leiar i utvalet for Vestjotunheimen.

Blant anna skal vegvesenet brøyte ned snøkantane på vegen for at reinen skal kunne krysse på veg til kalvingsområda, fortel Moen.