Hopp til innhold

No har nesten alle eigedomsskatt

21 av 26 kommunar i fylket har no innført eigedomsskatt. Sogn og Fjordane ligg dermed godt over landssnittet når det gjeld tal på kommunar med eigedomsskatt.

Eigedomsskatt i Sogn og Fjordane

DESSE KOMMUNANE HAR EIGEDOMSSKATT: Kartet viser at det berre er fem kommunar som ikkje har eigedomsskatt.

For kommunane har dette blitt ei svært viktig inntektskjelde, seier Kåre Træen som er seniorrådgjevar hjå Fylkesmannen.

– Det er det nok for mange kommunar. Går vi fem-seks år tilbake i tid, var det 15 kommunar som hadde eigedomsskatt. I dag er det altså 21 og inntektene har auka med 150 millionar kroner.

Kraftkommunane hentar inn mest

14 av kommunane krev skatt på all eigedom. Resten i hovudsak på verk og bruk, men nokre også på eigedommar i tettstader. Dei som hentar ut mest av driftsinntektene sine frå eigedomsskatt er vasskraftkommunane

– Til dømes har Aurland over 20 prosent av eigedomsskatt i forhold til driftsinntekter. Årdal og Luster har også høge inntekter frå eigedomsskatt på kraftverka, seier Træen.

Kan måtte innføre skatten

Ole Gunnar Krakhellen

KAN MÅTTE INNFØRE: Solund-ordførar Ole Gunnar Krakhellen seier dei har ei utfordrande drift.

Foto: Steinar Lote / NRK

Fem kommune har framleis ikkje innført eigedomsskatt. Blant dei er den høgrestyrte øykommunen Solund.

– Vi har meint at eigedomsskatt sender feil signal. Vi ønskjer at folk skal busetje seg her og drive næringsverksemd. Dermed har ikkje vi sett at kommunen skal leggje ei ekstra byrde dei som vil bu her, seier ordførar Ole Gunnar Krakhellen.

Men også her kan den økonomiske stoda tvinge fram eigedomsskatt.

– Vi ser at vi har ei utfordrande drift og dette er nok eit av dei tema som må på bordet. Men personleg har eg ikkje noko stort ønskje å innføre eigedomsskatt, seier Krakhellen.

Og har ein kommune først innført eigedomsskatt, så er det svært vanskeleg å gi avkall på igjen.

– Eg har ikkje opplevd at nokre kommunar har reversert eigedomsskatt når den først har blitt innført i ein kommune, seier Kåre Træen hjå Fylkesmannen.

Slik er eigedomsskatten i Sogn og Fjordane

 Tal i 1000 kroner

2011

 

Eigedomsskatt

Eigedomsskatt i prosent
av driftsinntekter

Flora

30532

3,7

Gulen

11581

5,2

Solund

0

0,0

Hyllestad

2122

1,7

Høyanger

33311

7,3

Vik

22487

9,4

Balestrand

5408

3,5

Leikanger

4896

3,2

Sogndal 

19228

4,0

 Aurland

46068

21,1

Lærdal

20851

9,0

Årdal

61896

13,5

Luster

53393

11,9

Askvoll

0

0,0

Fjaler

2658

1,2

Gaular

2129

1,1

Jølster

11391

4,8

Førde

22509

2,7

Naustdal

6055

3,2

Bremanger

26049

7,6

Vågsøy

10161

2,5

Selje

0

0,0

Eid

0

0,0

Hornindal

0

0,0

Gloppen

12625

3,1

Stryn

10100

2,1

Sum

415450

5,0

Kjelde: SSB Statistikkbanken

Ekspander/minimer faktaboks