Hopp til innhold

- Nei til eigedomskatt

Måløy Vekst vil ikkje ha eigedomskatt, men seier ja til nedlegging av skular.

Måløy sentrum
Foto: Ottar Starheim / NRK

Formannskapet i Vågsøy vil innføre eigedomskatt og legge ned to skular i kommunen. Vågsøy kommune har eit driftsunderskot på 15 millionar kroner og har tapt ytterlegare 13 millionar på Tall Ships Races. Men styreleiar Rolf Domstein i Måløy Vekst meiner at eigedomskatt ikkje er vegen å gå.

- Det er vi negative til, det har vi gitt beskjed om til formannskapet. Det vil vere negativt for å få bedrifter til å investere og etablere seg her.

- Legg heller ned skular

Domstein fryktar for følgjene for næringslivet i tøffe økonomiske tider. Derfor ynskjer han heller at politikarane legg ned skular for å berge kommuneøkonomien.

- Eg trur det er eit potensiale for å strukturere, både på skulesektoren og på andre områder. Kommunen bør fyrst gå gjennom dette før dei sender rekninga til næringslivet og befolkninga.

- Men kan ikkje eit redusert offentleg tilbod også gå ut over vekst og utvikling?

- Joda, på enkelte områder er vi avhengige av god kvalitet på tenestene, men omstrukturering treng ikkje gå ut over kvaliteten.

Det kommunale vekstselskapet jobbar med å snu ein langvarig negativ trend med færre innbyggjarar i kommunen. Domstein meiner at alle steinar må snuast for å unngå eigedomskatten.

- Vurder kommunesamanslåingar

Vedtaket i formannskapet skal opp i kommunestyret rett før nyttår. På lang sikt meiner Domstein at kommunesamanslåing bør vurderast for å få ned utgiftene.

- På lang sikt er det eit betydeleg potensiale for å redusere driftskostnadane til kommunane ved å slå dei saman til større einingar.