– Eg trur nok folk vil merke at ting går mykje raskare. Det å laste ei side som NRK.no eller sjå nyheitsinnslag og slike ting, vil folk merke går mykje, mykje fortare, seier Bjørn Amundsen som er dekningsdirektør i Telenor.
I løpet av dei siste dagane har to nye kommunar i Sogn og Fjordane fått den etterlengta 4G-dekninga. Litt forenkla er 4G ti gonger raskare enn 3G, og gjer at folk svært raskt kan kome seg på nett via mobilnettet.
- LES OGSÅ:
– Inne i den moderne tidsalder
Lærdal vart den første kommunen som fekk 4G-dekning i Sogn og Fjordane. Dette skjedde samband med gjenoppbygginga av Telenor sine hovudsentral som brann ned i storbrannen i januar.
No har Førde og Eid kome på den same lista. I Eid er den eine stasjonen som skal setjast i drift i 2014 skrudd på.
Eid-ordførar Alfred Bjørlo er ein av dei som jublar.
– No er vi endeleg inne i den moderne tidsalder, og det er veldig gledeleg, seier Venstre-ordføraren.
Må kjøpe seg ny telefon
Han har tidlegare uttrykt stor frustrasjon over at hyttefelt på Hafjell får 4G-dekning før folk i Sogn og Fjordane, og er glad Telenor no har fått fart på seg her i fylket.
– Det å ha god nettkapasitet er byrja bli ein del av forventningane spesielt unge har i kvardagen. Folk vil ha god nettkapasitet både på jobb og på fritida, seier Bjørlo.
Etter at 4G-dekninga var på plass for to dagar sidan har han merka stor forskjell.
– Det er to forskjellige verder. 4G-nettet er mykje kjappare og meir stabilt, seier han.
Enn så lenge har han brukt telefonen fordi hans eigen telefon ikkje støttar 4G, men det blir det snart slutt på.
– Etter at eg såg kor raskt det gjekk med 4G, så må eg ganske raskt investere i ein ny telefon, flirer ordføraren.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Ein av fleire stasjonar på plass
Og det kan det hende det er fleire som kjem til å gjere. Bjørn Amundsen i Telenor seier det er to ting som er viktig for at folk skal kunne ta det nye nettet i bruk.
– Først og fremst må du ha ein telefon som støttar 4G-nettet, og i tillegg må du ha eit SIM-kort som støttar 4G, det ser du på kortet, seier dekningsdirektøren.
Den nye superdekninga er også på plass i Førde. Her har Telenor sett i drift ein av fleire stasjonar, fortel Amundsen.
– I Førde vil det kome mange basestasjonar, men denne veka fekk vi starta opp den stasjonen som står på Quality-hotellet i sentrum. Det vil kome fleire i løpet av kort tid, seier Amundsen.
Førebels er det ikkje konkrete planar om fleire kommunar som kan vente seg 4G-utbygging med det aller første.
– Vi kikar litt på Sogndal, men det må eg kome tilbake til utover våren. Så trur eg nok også Florø vil få 4G i løpet av 2014.
- LES OGSÅ: