Hopp til innhold

Provosert over at hyttefolk på Hafjell får 4G før oss - vil ha fortgang i utbygginga

– Sogn og Fjordane kan ikkje akseptere å bli ein kvit flekk på kartet når teleselskapa no rullar ut det nye 4G-nettet for mobil, seier ordførar Alfred Bjørlo i Eid.

Dekningskart 4G/Alfred Bjørlo

FORLANGER RASKARE NETT: Eid-ordførar Alfred Bjørlo er irritert over at hyttefolk på Hafjell blir prioritert framfor innbyggjarane i Sogn og Fjordane.

Foto: Skjermdump Teleno/Asgeir Reksnes

Han blir provosert over Telenor som bygger ut 4G til hyttefelta på Hafjell, medan Sogn og Fjordane framleis må vente.

4G er det nye supermobilnettet som vil gje moglegheit til mobilt internett med heilt andre hastigheit og kapasitet enn vi har i dag.

– For kommunikasjonen i Sogn og Fjordane er det viktig å få fart på utbygginga av 4G, seier ordføraren.

Blir provosert

Difor blir han provosert nå til dømes hyttefelta på Hafjell bli prioritert framfor fastbuande i Sogn og Fjordane.

– No må vi lokalt, både kommunar og fylket, gå til dei store teleselskapa å forlange å få på bordet forpliktande planar om rask utbygging av 4G også i Sogn og Fjordane. Eg blir provosert når eg ser at Telenor heller byggjer ut 4G til hyttefolk på Hafjell før dei har ein plan for å rulle ut hurtig nett på Vestlandet.

– Hadde ikkje anna val

Bjørn Amundsen

LOVAR BETRING: Dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor at 4G-utbygginga i Sogn og Fjordane startar neste år.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor seier han på ein måte kan forstå vinklinga til Bjørlo.

– Men for å takle dei tusenvis av hyttene som krev datafart på Hafjell, så hadde vi ikkje anna val.

Amundsen lovar at dei første område i Sogn og Fjordane får 4G i 2014.

– Eg kan gle dykk over at de ikkje blir ein kvitt flekk på kartet. Som lova blir det ei kjempeutbygging av 4G i 2014 og 2015, seier han.