Hopp til innhold

Johannes Thingnes Bø sikra seg sitt første individuelle seniorgull i NM på Voss

Johannes Thingnes Bø frå Markane gjekk heilt til topps på normaldistansen under NM i skiskyting på Voss onsdag.

NM-gull til Johannes Thingnes Bø

TIL TOPPS: Johannes Thingnes Bø flankert av Vegard Bjørn Gjermundstad og Henrik L'Abee Lund.

Foto: Helene Vassbotten Lervik / NRK

Dermed vart han for første gong individuell norsk meister på seniornivå. I fjor var han med på laget til Sogn og Fjordane som tok gull på stafetten.

Johannes hadde eitt tilleggsminutt på den første skytinga, deretter prikka han ned alle blinkane på dei to neste skytingane, før han gjorde det litt spennande med å bomme to gonger på den siste skytinga.

– Det var veldig varmt i sola i dag, så det var hardt mentalt å halde koken oppe. Men skyteforholda var bra, og då var det berre å gjere sitt beste i sporet og på standplass, sa Bø etter at han hadde gått i mål.

Han skryter over løypene på Voss.

– Det er veldig fine løyper, det er deilig å gå på skikkeleg natursnø igjen. Løypeprofilen er og veldig bra og krevjande, så det var ein kul konkurranse.

Det heldt likevel til siger framfor Vegard Bjørn Gjermundstad og Henrik L'Abee-Lund. Begge hadde to tilleggsminutt og var 28,2 og 30,9 sekund bak Bø.

Bogetveit på fjerdeplass

Og på fjerdeplass kom endå ein utøvar frå Sogn og Fjordane. Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde hadde to tilleggsminutt (0-1-0-1) og kom i mål 53,8 sekund bak Johannes Thingnes Bø.

Håvard Gutubø Bogetveit

STERK INNSATS: Håvard Gutubø Bogetveit var nær medalje på normaldistansen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Andre utøvarar frå Sogn og Fjordane:

  • 13. Asbjørn Wold, Vik (0-1-1-3) 4.04.0 bak
  • 23. OleMartin Erdal, Førde (0-1-0-3) 5.52.5 bak
  • 28. Jarle Midthjell Gjørven, Markane (0-3-1-0) 6.26.9 bak
  • 55. Joar Turvoll, Vik (4-1-2-0) 11.02.7 bak
  • 66. Lasse Virkesdal, Vik (1-2-4-3) 14.29.8 bak

– Gamlegutta treng meir tid...

Tarjei Bø stilte ikkje til start på normaldistansen, det gjorde heller ikkje Emil Hegle Svendsen og Ole Einar Bjørndalen. Gullvinnar Johannes Thingnes Bø fleipa litt med dette.

– Det var enkelte som var litt slitne etter verdscuprennet i Holmenkollen. Gamlegutta treng litt ekstra tid på å hente seg innatt. Då såg eg sjansen til å ta ein tittel her i dag. Kjekt at eg fekk litt valuta for at eg kom hit tidlegare enn dei andre.

Vil forsvare stafettgullet

No gler Johannes seg til at sesongen er over etter stafetten søndag.

– Det skal bli veldig godt. Eg kan vere på Lillehammer utan å måtte stå opp og trene og så kome heim til familie og vener i Stryn til påske. Eg gjekk glipp av påskeferien i Stryn i fjor, så det gler eg meg til.

Men før det har han som mål å gjenta suksessen frå i fjor på NM-stafetten.

– Den står det respekt av å gjere det bra på, så vi satsar på å forsvare gullet frå i fjor.

Saka blir oppdatert.