Hopp til innhold

NM-bronse til Gjøran Tefre

Gjøran Tefre frå Førde gjekk inn til ein 3. plass på 10 km klassisk under junior-NM laurdag.

Gjøran Tefre

BRONSE: Gjøran Tefre frå Førde gjekk inn til ein sterk 3. plass under junior-NM laurdag.

Foto: Rune Helle, Vestpress

Han gjekk i mål seks sekund bak vinnaren Simen Hegstad Krüger frå Lyn Ski.

Tefre går i klasse M 19/20 år og er ein av dei yngste i denne klassen. Roger Øye Pollen frå Førde enda på 44. plass. Mads Bjørnar Leirdal frå IL Bjørn tok 65. plassen, medan lagkameraten Hallvard Evjestad gjekk inn som nummer 67.