Hopp til innhold

Satsar mot World Cup i Kollen

Ronny Hafsås frå Stårheim gjorde ei god andreetappe for Lillehammer som blei nummer fire på stafetten då NM blei avslutta i går.

Ronny Hafsås

PASSELEG NØGD: Ronny Hafsås frå Stårheim er nøgd med innsatsen på stafetten, men ikkje med dei individuelle løpa.

Foto: Ida Bergersen, Vestpress.no

Han sendte Tore Søbak Gundersen ut som nummer to.

– Etter to middels individuelle renn var dette eit klart høgdepunkt for meg her i helga, seier den Hafsås som no prioriterer langrenn framfor skiskyting.

Trur på femmil i Kollen

Trenar for Lillehammer, Torstein Drivenes, seier at årets NM-veke kom litt for tidleg på Hafsås etter sjukdom. Ronny var sjuk i nesten to veker før NM. To gonger var han i trening, med tilbakefall som resultat.

– Kom igjen på femmila i Holmenkollen i mars. Her trur eg på årets beste sportslege prestasjon av Ronny om han berre held seg frisk framover, seier han.

Slit med vond hofte

Ronny Hafsås blei nummer 14 på 15 kilometer friteknikk torsdag, noko han tykkjer var langt under pari. På duathlon laurdag kom han for langt bak etter den klassiske delen og enda på ein 23. plass.

– Dei to individuelle renna var ikkje mykje å gle seg over. I går kom eg altfor langt bak. Eg hadde planar om å få trent mykje klassisk i år, men ei vond hofte har gjort det vanskeleg, seier han.

Bjørn og Førde stilte lag

Stafettlaget til IL Bjørn frå Gaupne kom på 31. plass under stafetten. På laget var Thomas S. Evjestad, Hallvar Evjestad og Mats Bjørnar Leirdal. Førde IL med Martin Hegrenes, Gjøran Tefre og Ole Martin Erdal, enda på 37. plass.

Meiner nivået er ujamt

Odd-Bjørn Hjelmset

UJAMNT NIVÅ: Odd-Bjørn Hjelmset er på plass under NM. Han har fulgt med på lokale utøvarar under meisterskapen.

Foto: Vebjørn Vangen

Den tidlegare skiløparen Odd-Bjørn Hjelmeset frå Gloppen registrerer at nivået i Sogn og Fjordane er ujamt for tida.

– Det vil alltid gå i bølgjedalar i så tynt befolka distrikt. Førde og Bjørn har nokre lovande gutar på gang, og det skjer og ting i Sogn på jentesida, seier han.