Hopp til innhold

Nettselskapa vil redde den utrydningstruga hubroen

Det er berre fem hekkande par med hubro att i Sogn og Fjordane. Straumlinjer har teke livet til mange av dei store fuglane. No vil nettselskapa bøte på skaden.

Hubro

KJEMPE: Hubroen er den største ugla vi har her i landet. Den kan vege mellom 2–4 kilo, og ha eit vengespenn opp til 188 centimeter. I Norge er det rundt 600 hekkande par att av arten som, ifølge Norsk ornitologisk foreining. Den er sterkt utrydningstruga.

Foto: Petter Melsom / NRK

Ved slutten av førre hundreår hekka det hubro rundt 90 ulike plassar i fylket. No er det berre ni kjende hekkeplassar att i bruk av ugla, som er den største du finn i Europa.

Det er ikkje berre i Sogn og Fjordane bestanden er liten. Hubroen står på raudlista over artar som er sterkt truga i Norge.

– Ein av dei viktige grunnane til nedgangen i bestanden er alle dei små lokale straumlinjene, fortel Tore Larsen som er biolog og rådgivar hos Fylkesmannen.

Store vengjer skapar trøbbel

Hubroen har eit imponerande vengespenn opp til 188 centimeter. Det gir den status som den største ugla i Europa, men det skapar også trøbbel.

–Vi ser at vi ofte døde hubroar under lokale nettlinjer, slike straummaster som er over alt. Hubroen er akkurat eit par nummer for stor til å bruke desse som sitteplass. Når ein fugl med vengespenn på 1.80 skal lande på toppen av ei mast med straumleidningar med avstand på 1.50 blir det problem. Når vengene kjem borti begge linjene på ein gong blir det kortslutning, fortel Tore Larsen.

Hubroen er ein fugl som likar å ha oversyn over jaktterrenget sitt, og difor søker den til straummastene som sitteplass.

Kraftselskapa gjer sin innsats

Parallelt med Fylkesmannen sitt kartleggingsarbeid har kraftselskapa Sogn og Fjordane Energi, Sunnfjord Energi og BKK oppgradert kraftstolpar rundt i fylket for å unngå hubro-grilling.

Hubro

SITTEPINNE: Hubroen likar å kike etter bytet sitt frå høge punkt, og ein straumstolpe passar ypparleg til det bruket. Sittepinnane skal gi hubroen ein sikker landingsplass.

Foto: Jan Ove Gjershaug

– Arbeidet går i praksis ut på å montere fugleavvisarar på traversane i mastene, slik at fuglane ikkje kan lande der. Samstundes blir ein spesielt tilpassa sittepinne montert ytst på traversen, fortel Larsen.

Pengane til sikringsarbeidet er gitt av Miljødirektoratet.

Biologen fortel at det er i hovudsak gamle master som er eit problem. Dei fleste nye som blir bygd i dag har leidningane hengande på undersida, slik at fuglane ikkje kjem i kontakt med dei.

Håpar på stabilisering av bestanden

Det omfattande kartleggingsarbeidet gjer at Fylkesmannen og straumselskapa veit kvar det er viktigast at dei dårlege mastene blir sikra.

– Vi har omsider funne ut kvar hubroen held seg. Den gjer ikkje så mykje av seg, så det var relativt vanskeleg, fortel Larsen om arbeidet som har gått føre seg sidan 2014.

Dei håpar dei fem para som er att i fylket skal få betre tilhøve til å hekke når mastene no blir sikra.

– No trur vi i alle fall hekkeområda er relativt trygge. Då forventar vi at bestanden skal stabilisere seg, og forhåpentleg vis også auke etter kvart, seier Larsen.

Det er meld om pågåande vekst i den Europeiske bestanden då raudlista vart oppdatert i 2015. Det var likevel beslutta å halde arten på lista. Les meir på Raudlista.