Hopp til innhold

Nesten reint bord for Arve Helle

Arve Helle, ordførar i Fjaler, fekk nesten halvparten av røystene. – Eg er nesten mållaus, seier Helle.

Arve Helle, ordførar i Fjaler kommune.

VINNAR: Arve Helle vart nesten mållaus då han fekk sjå valresultatet.

Foto: Privat

Ap fekk heile 46 prosent av røystene. Dette er ein framgang på 9,6 prosent frå førre kommuneval. Dermed aukar Helle og partiet hans talet på mandat i kommunestyret med tre, frå åtte til elleve. Dermed manglar Helle berre eitt mandat på reint fleirtal.

– Dette var langt over det vi hadde håpa på. Eg ser på dette som ei stor tillitserklæring og at folk er godt nøgde med jobben vi har gjort, seier Helle.

– Det gjorde sterkt inntrykk

Han følgde sjølv oppteljinga tett og det gode resultatet gjekk opp for Helle litt etter litt. Likevel vedgår han at han vart ganske sett ut då tala til slutt landa på 46 prosentpoeng.

– Eg klarer i alle fall ikkje sove på ei stund, men eg må prøve lande litt etter kvart. Det vart eit ganske sterkt inntrykk, seier Helle.

– Kor øsen er du no på ein skala frå ein til ti?

– Då må eg seie elleve, seier ein svært nøgd ordførar.

Tok nesten til tårene

Arbeidarpartiet gjorde eit sterkt val i Fjaler også ved førre val, og Helle hadde ikkje trudd partiet skulle gå fram så mykje som dei gjorde. Han meiner både han og partiet må ha gjort noko rett i løpet av dei siste fire åra.

– Det er to store prosjekt i Fjaler no, nemleg Dalsfjordsambandet og det som skjer på Lutelandet. Eg trur dette har skapt optimisme, og det har nok kome meg litt til gode sidan eg har fått fronte desse sakene, seier Helle.

Så glad er Helle for det fantastiske valresultatet at han vedgår at han nesten tok til tårene av glede.

– Det var ikkje langt ifrå. Dette er på mange måtar ein eksamen. Du får dommen på det du har gjort dei siste fire åra. Denne gongen gjekk eksamen strålande bra, og då er det lov å vere både rørt og glad.

Kven han skal samarbeide med i komande periode, vil Helle ikkje ut med i kveld. Men han reknar med å ha ei avklaring på plass i løpet av tysdag.

Resultatet frå Kommunevalet i Fjaler