Hopp til innhold

Nesten heilt likt i Leikanger

Valresultat i Leikanger er nesten på prikken likt valet for fire år sidan.

Olav Lunden

NØGDE: Olav Lunden er truleg favoritt til ordførarstolen også dei neste fire åra. Han trur innbyggjarane i kommunen er nøgde med det politikarane har fått til.

Foto: Leikanger kommune

Medan dei i fleire andre kommunar er store endringar i oppslutnaden for dei forskjellige partia er det berre minimale skilnader i Leikanger.

Arbeidarpartiet er framleis det største partiet, og får 39,6 prosentpoeng oppslutnad, noko som er ein framgang på 0,3 %. Senterpartiet som er nest største parti får 20,6 prosentpoeng oppslutnad, noko som er ein tilbakegang på 0,1 %.

– Dette er Leikanger i eit nøtteskal, seier sitjande ordførar Olav Lunden (Ap).

Han er svært nøgd med at Arbeidarpartiet gjer eit godt val også i år. I tillegg gler han seg over at svært mange i kommunen har gått til valurnene. Med 74,5 % oppslutnad om valet meiner Lunden at kommunen er blant landets beste.

– Eg er svært glad for at folk engasjerer seg, seier Lunden.

Medan Høgre er det partiet som går mest fram med 1,6 prosentpoeng, går Venstre tilbake med 1,9 %. At det blant dei andre partia er svært liten skilnad har Lunden ikkje noko fullgod forklaring på.

– Vi har alltid hatt ein stabil veljarmasse i kommunen. Eg trur innbyggjarane er nøgde med ting slik dei er. Vi har fått utretta ting og det ser ikkje til at folk vil endre på samansetninga av politikarar, seier Lunden.