I dag fyller selskapet berre 37 prosent av flysetene sine til Oslo. Dette er ei så dårleg dekning at det berre skal ein nedgang på to prosent til, før Samferdsledepartementet må revurdere dagens rutetilbod. Men direktør i Coast Air, Asbjørn Utne, er optimist, og trur passasjertalet mellom Florø og Oslo vil betre seg utover mot sommaren, han reknar blant anna med at trafikken ut til Nordsjøen vil bli større. Det er ikkje aktuelt å gjere noko med rutetilbodet no, og Utne vil ikkje spekulere i om det vil bli endringar før det har gått nokre månader
Det er Samferdsledepartementet som har siste ord i saka om rutetilbodet. Om passasjertalet går under grensa på 35 prosent, vil ein kanskje prøve å bøte på dette ved å ha færre flygningar. Men fyrst set Coast Air si lit til ein betre vår, før dei sender ei innstilling om rutene sine til Samferdsledepartementet.