Nekta straffskuld for netthets

Alf Kollsete nekta straffskuld på alle punkt då saka mot han starta i Sogn og Fjordane tingrett i dag.

Men han vedgår at han i bloggen sin kunne ha moderert nokre av formuleringane i omtalen av tidlegare barnevernsleiar Clara Øberg.

Kollsete er tiltalt for å ha sjikanert Øberg i bloggen der han mellom anna har karakterisert ho som overgripar og terrorist.

Det er sett av ein dag til saka. Kollsete har alt sagt at han vil anke ein eventuell dom.

Forsvarar Ivar Eivind Hauge (t.v.) og klient hans Alf Kollsete.
Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK