Nei, du er ikkje i Tyrol... det ser berre slik ut

Klesbutikkar i Stryn er relativt vanleg. Men i går opna det ein av det meir uvanlege slaget. I Oktoberfestgeschäft heng lederhosen på lederhosen på rekkje og rad.

Opna Oktoberfest-butikk

OMPA, OMPA: Sjølvsagt akkompagnert av skikkeleg tyrolermusikk, opna Eid-ordførar Alfred Bjørlo (t.v.) og Stryn-ordførar Sven Flo (t.h.) Oktoberfest-butikk i Stryn.

Foto: Arne Vik / NRK

– Dei tidlegare åra har vi brukt ein frisørsalong i sentrum til å selje klede for

oss. Men så vart det slik at dei i september aldri fekk tid til å klippe kundar fordi dei berre dreiv og selde dirndl og lederhosen, så då fann vi ut at vi måtte gjere noko med det, seier Breivik.

Dermed var vegen kort til å opne sin eigen Oktoberfest-butikk i kunstgalleriet Galleri Myr.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

OPNINGA: Slik var det under opninga av Oktoberfestbutikken i Stryn tysdag kveld. Foto/redigering: Arne Vik

Køen stod langt ut på fortauet

Og det er ikkje kva som helst som heng til sals i ein slik butikk. Leitar du etter ei finbukse av det vanlege slaget, er du på feil stad.

– Dette er prikken over ein. Tyrolerdrakta er kortbukser i lær og ulike skjorter for karane. Det kallast lederhosen. For damene er det noko som heiter dirndl, det er ein tyskausterrisk variant av den norske bunaden, men litt kortare og lettare, seier Breivik.

Då butikken opna med brask og bram i går, stod køen langt ut på fortauet.

– Det var ein kø utan like. Eg trur ikkje eg har sett noko butikkopning nokon gong der ein opnar ein butikk klokka 22.30 ein tysdag kveld, og det står stappande fullt i butikken og ti meter utanfor, seier Breivik.

Fekk ideen etter tur til München

Men bakgrunnen for Oktoberfesten, bør vi kanskje svinge innom.

Kronprins Ludwig av Bayern og prinsesse Therese gifte seg i 1810. Dei ønskte å lage folkefest for heile byens befolkning.

Festen heldt dei på Theresenwiese, det som i dag er sentrum i München. Denne festen har vorte eit årleg arrangement, med tilreisande frå fjern og nær.

Oktoberfesten i München varer til og med første søndag i oktober, totalt 17 dagar, og er rekna som verdas største folkefest.

Men så kjem vi til grunnen til at Stryn har fått sin eigen Oktoberfest.

Stryn Ping Pong Club drog i 2007 til München med 25 mann for å oppleve denne festen. Det gjorde eit slikt uutsletteleg inntrykk at dei bestemde seg for å starte Oktoberfest i Stryn året etter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Opning

STOR STEMNING: Høgtideleg opning må til, og sjølvsagt må ein vere kledd i lederhosen.

Foto: Arne Vik / NRK

Arrangerer for sjette gong

Det er grunnen til at svært mange menn i Nordfjord i desse dagar vert observerte med stadig veksande bart, dei sparar nemleg til Oktoberfesten.

– Det er sjette året vi arrangerer, og det har vakse år for år. I fjor måtte vi ha sirkustelt, så i år kjem vi til å ha eit intimtelt i tillegg, slik at vi får ein totalkapasitet på nær 3000 personar, seier Breivik.

Oktoberfesten går av stabelen 20.–21. september, og Breivik trur det i år, som i fjor, kjem til å bli fullt.

– Eg har stor tru på det, ja, seier Breivik.

Flo stilte på opninga

Men det er ikkje berre medlemmene i Ping Pong-klubben som set pris på skikkeleg tyrolerstemning. Til stades på butikkopningar var det også fleire ordførarar, mellom anna ordførar i Stryn, Sven Flo.

– Dette har vorte eit veldig stort arrangement, og det har etter kvart vorte så mykje blest rundt det i både Stryn og Nordfjord at eg som ordførar tykkjer det er viktig og riktig å vere med på dette, seier Flo.

Han meiner ein slik butikk er med på å skape ei endå betre ramme rundt arrangementet som Oktoberfesten er.

– Dette er berre moro, seier Flo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Publikum

MYKJE FOLK: Køen stod ti meter ut på fortauet då butikken opna i går kveld.

Foto: Arne Vik / NRK

Treng meir galskap i fylket

I fjor var han ein av mange som let barten gro til festivalen, og også i år er det i ferd med å danne seg buskas på overleppa hans. Men han har fleire idear på lur.

– De vil nok sjå ein heilt annan ordførar i år enn i fjor. Barten er i gang med å gro, så den skal vi nok frisere når det nærmar seg Oktoberfest, seier Flo.

Også Eid-ordførar Alfred Bjørlo kom til opninga, og at Stryn no har fått seg ein eigen butikk for lederhosen og det som høyrer med, tykkjer han er kjekt.

– Den type galskap treng ein litt meir av i heile fylket. Det er kjempebra at dei får det til. Det ein gjer her med fest og moro, og verkeleg gjer noko ut av det, er ein del av Stryne-kulturen. Eg tykkjer det er kjekt å få lov til å vere med på det, denne type ting treng vi meir av, seier Bjørlo.

Ønskjer å dele moroa med andre

Også han har skaffa seg klesplagg som seg høyr og bør når ein skal på Oktoberfest.

– Eg har sklidd rett inn i eit par lederhosen, som sit som støypte på. Det var fullklaff, seier Bjørlo.

Breivik tykkjer det er kjekt å høyre at dei to ordførarane set pris på arrangementet som dei dreg i gang.

– Det er kjekt å høyre. Vi er jo ein open herreklubb der kven som helst kan delta, og vi gjer dette først og fremst fordi vi tykkjer det er moro sjølve. Og så ønskjer vi å dele det med andre, seier Breivik.