Det som starta med ein gutetur til ølfesten i München for seks år sidan, har for alvor slått ut i full blomster i Stryn.
Fredag kveld var 1.400 innom festområdet til Oktoberfesten i Stryn. Laurdag kveld stogga det på 2.400.
– Det handlar om å ha det morosamt i saman, og å gjere noko bra for bygda, konstaterer Torstein Breivik.
– Det er tøft
Av desse var det 1.100 som hadde helgepass som gav inngang begge kveldane.
Og då paraden gjekk gjennom gatene, var det tettpakka av jublande og applauderande folk.
– Når eg står her på verandaen og ser nedpå teltet ... Det er tøft. Rett nok kostar det mykje pengar, men så er det frykteleg morosamt å arrangere. Det er jo blitt stryningane si store samlingshelg, seier «bartegeneral» Breivik og konstaterer at årets billettsal overgår fjorårets 2.700.
(Artikkelen held fram under videoen)
Nok eit overskot
Årets arrangement gir Stryn Ping Pong Club eit overskot, slik som tidlegare år. Kor stort budsjett «guteklubben» opererer med, vil ikkje Breivik seie.
– Men for oss er det ikkje så viktig å tene pengar, det viktigaste er å ikkje tape. Går slike «gutegjengting» i underskot, så går det ikkje, seier «bartegeneralen» etter nok ei helg med høg «ompa-ompa»-faktor, tyrolerhattar, lærshorts, bartar og bondepiker i Stryn.
Stussleg ordførarbart
Ordførar Sven Flo gjekk laurdag fremst under paraden.
Her såg han raskt at hans eigen bart vart sjanselaus i kåringa Årets Beste Bart.
- LES OGSÅ: Difor ser du så mange med bart
– Nei, det var så utruleg mange staselege bartar. Mykje kreative løysingar som langt overgår min vesle stusslege bart. Folk har spara i mange månader og då blir min tre veker gamle bart alt for pistrete, lo han.
(Artikkelen held fram under videoen)
Vart imponert
Etter å ha blitt nominert fram av fjorårets Oktoberpike Ina-Marie Ulvedal, gjekk barteprisen til Henrik Wemby. Årets Oktoberpike vart Line Bø.
«Bartegeneral» Breivik konstaterer at det var mange imponerande bartar ute og gjekk i Stryn denne helga.
– Det var heilt vilt overraskande. Eigentleg med kostyme i det heile. Eg trur kring 80 prosent av dei som var inne fredag kveld var utkledde. Og av mennene hadde sikkert 60–70 prosent bartar, seier han.
– Det er jo meir uvanleg å sjå folk utan bart enn med bart, legg han til.
– Kalkulert galskap
Når også politiet gir arrangørane ros, kan ikkje arrangørstaben konkludere med noko anna enn at Oktoberfesten 2012 vart nok ein suksess.
– Og dette skjer i ei lite bygd, heilt inst i fjorden på Vestlandet. Dette er kalkulert galskap, ler Breivik.
Opphavet til festen, Ølfestivalen i München, vart første gang arrangert i 1810, og er i dag verdas største folkefest.