Hopp til innhold

Nei til lang tunnel i Stryn

Det blir ikkje bygd ein ny lang tunnel frå låglandet og heilt opp på Strynefjellet. Dette er konklusjonen frå Statens vegvesen etter utgreiinga om ny vegløysing frå aust til vest i Nordfjord.

Tunnel

NEI TIL NY OG LANG TUNNEL: Statens vegvesen må bestemme seg om dei skal oppgradere dei gamle tunnelane eller byggje nye i same trasé.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Sjefsingeniør Inge Alsaker i Statens vegvesen seier dei sit att med to alternativ.

– Det vi enda opp med, er å utvida dei gamle tunnelane eller byggje nye i same trase. Det kan også vere ein kombinasjon av dette på deler av strekninga, seier han.

1,4 milliardar for nye tunnelar

Med ei høgde på fire og ei breidde på 5,5 meter tilfredsstiller ikkje tunnelane over Strynefjellet framtidas krav. Ein stor del av dei tunge køyretya må køyre sentrisk, og på delar av strekninga er det stor fare for nedfall av stein.

Førebelse tal tyder på at opprusting av eksisterande tunnel vil koste 1 milliard, medan å opparbeide heilt nye tunnelar like ved dagens trase vil koste 1,4 milliardar. Men tala er så usikre at meir grundige utrekningar må til, seier Alsaker.

– Det vi ønskjer, er at vi skal få ta ein djupstudie der vi ser på kva som er mest lønsamt av å byggje nytt eller å ruste opp eksisterande. Vi ventar med ein konklusjon til denne studien er klar.

Krev nye tunnelar

Rolf Olav Tenden

KREV NY TUNNEL: Rolf Olav Tenden i Thor Tenden Transport meiner vegvesenet må leggje vekk alternativet om utbetring.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Dagleg leiar Rolf Olav Tenden i Thor Tenden Transport i Stryn er krystallklar på at Statens vegvesen må leggje vekk alternativet om utbetring av dagens tunnelar som ei varig løysing.

– Vi kan ikkje leve med ein anleggsperiode i eksisterande tunnelar og hindre trafikken i fem-seksårsperiode. Vi har ikkje tida til dette med dagen køyre- og kviletider. Alternativet er at vi må bruke andre ruter, men det blir ein del dyrare og vi har ikkje økonomi til det.

For dyrt med ny og lang tunnel

Statens vegvesen har sett på fleire alternativ, mellom anna å erstatte dagens tunnelar med ein langt tunnel anten frå Frøysa via Hornindal eller frå Mindresunde i Stryn. Men desse alternativa er lagde bort fordi dei blir for kostbare, seier Alsaker.

– Det er faktisk opp mot både dobbelt og tre gonger så kostbart som dagens trase. Hadde vi starta med heilt blanke ark, er det mange som hadde vore interessante. Slik situasjonen er i dag, er det for dyrt.

– Berre ny trasé som er alternativet

Inntil dei nye tunnelane er på plass, må det gjennomførast nye utbetringar på dagens tunnelar, meiner Tenden.

– Vi må sikre dagens tunnelar slik at dei er trygge. Dei må vere tette og godt opplyst, og så får vi slite med høgda i tida framover. Eg veit at ein del nisjar som takast på dei verste plassane. Det vil hjelpe kortsiktig, men på lang sikt er det berre ny trasé og tunnel som er alternativet, seier Tenden.