Hopp til innhold

Sju alternativ for Strynefjellet

Alt frå heving av taket i dei noverande tunnelane, til ein ny 16 kilometers tunnel gjennom fjellet ligg inne i forslaga frå Statens Vegvesen.

Riksveg 15 over Strynefjellet

Vegen over Strynefjellet er gammal og utdatert.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ordførar Nils P. Støyva i Stryn og resten av kommunestyrerepresentantane i Styn og Skjåk får i dag sjå sju svært ulike alternativ for korleis dagens smale, låge og utdaterte tunnelar på riksveg 15 over strynefjellet kan utbetrast, forlengast eller erstattast heilt.

– Dette er viktige val for Stryn. Det er viktig for Nordfjord og for stamvegen overfjellet. No skal me byggje ein veg for framtida, seier Støyva.

450 millionar

Det ligg i dag inne 450 millionar kroner i nasjonal transportplan til desse tunnelane. Det er sannsynlegvis nok til dei to minst omfattande alternativa. Ulempene er eit slikt arbeid vil hemma traffikken over fjellet i fleire år, i tillegg til at dei kjem i konflikt med vernet av dei gamle tunnelane.

Rv 15 ved Ospelitunnelen på Strynefjellet

Tunnelane på Strynefjellsvegen er for låge for dagens vogntog.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Det eine alternativet er ein ny tunnel på 16 kilometer. Då får ein på ein måte ein heilt ny Strynefjellsveg. Det som er forholdet med dette alternativet er at det kanskje krev doble løp av sikkerheitsmessige årsakar.

Og det vert dyrt.

– Eg trur ikkje det vert umogleg, men eg trur det vert vanskeleg å skaffe så mykje pengar, seier han.

Alternativet i den andre ytterkanten er å strosse ut eksisterande tunnelar. men då kjem spørsmålet om vern av dei gamle tunnelane inn.

– Så eg er sterkt tvilande til at utstrossing av tunnelane er det alternativet som kjem til å verte vald til slutt, seier ordføraren.

Mest realistisk med parallelle tunnelar

Dei kanskje mest realistiske alternativa går ut på å byggje nye, paralelle tunnelar - like ved dei eksisterande.

– Nå ein kjem til valet om eit års tid, trur eg det er eit av dei alternativa som kjem til å verte vald seier han.

Kommunestyra står no fritt til å luke ut enkeltalternativ i den vidare prosessen.

– I og med at dette har samme kostnadsbilde og samme tidsperspektiva, trur eg nok kommunestyret kjem til å ta med seg alle alternativa i utgreiingsfasen.