Til saman 900 personar over 18 år i dei fire kommunane svarte på spørsmålet om dei var for eller imot kommunesamanslåing. Meiningsmålinga vart gjennomført frå 27. august til 1. september.
Motstanden var sterkast i Gaular, der 58 prosent av dei spurde er motstandarar. I Jølster svara 53 prosent at dei ikkje ønskjer å gå inn i ein storkommune. Naustdal er den einaste kommunen med eit hårfint ja-fleirtal, medan det også ligg an til eit jamt løp i Førde. Feilmarginane i meiningsmålinga gjer at resultatet i desse to kommunane er heilt ope når veljarane skal seie si endelege meining 15. september.
I realiteten avgjort
Meiningsmålinga viser at dei unge veljarane er meir positive til kommunesamanslåing enn dei eldre. Mellom 15 og 19 prosent av dei spurde tilhøyrer "Veit ikkje"-gruppa, og det er fleire kvinner enn menn som er usikre på kva som er rett.
Med dei klare nei-tala frå Gaular og Jølster, knappe to veker før valet, er det i realiteten klart at det ikkje vert eit kommunalt ekteskap mellom dei fire kommunane i denne omgang. Dette stadfestar både ordførar Jan Herstad (Sp) i Naustdal og ordførarkandidat Eva Marie Halvorsen (H) i Førde. Det var Herstad som i si tid sette fart på prosessen for å utgreie ein storkommune i Indre Sunnfjord.
-Opp til Stortinget
Herstad meiner det heller ikkje er grunnlag for samanslåing av Førde og Naustdal, sjølv om det skulle bli fleirtal for samanslåing i desse to kommunane. Han meiner det no er opp til Stortinget å ta initiativ til større kommunar.
Eva Marie Halvorsen seier til NRK at innbyggjarane ikkje veit sitt eige beste når dei går mot samanslåing. Ho meiner at ein storkommune er heilt nødvendig for å kunne styre utviklinga i regionen, og saman vere sterke nok til påverke sentrale styremakter.
  | Førde    | Naustdal    | Jølster    | Gaular    | Regionen samla    |
---|---|---|---|---|---|
Vil stemme for | 40 % | 43 % | 29 % | 20 % | 34 % |
Vil stemme mot | 43 % | 42 % | 53 % | 58 % | 48 % |
Vil ikkje stemme   | 1 % | 0 % | 2 % | 3 % | 2 % |
Ikkje sikker | 15 % | 15 % | 16 % | 19 % | 16 % |
Antall spurte | 300 | 200 | 200 | 200 | 900 |