Nils Støyva
Det ville kosta 40-50 kr for kvar bompassering, og ordførar Nils Støyva i Stryn meiner det ville blitt for dyrt for innbyggjarane å betale nesten 100 kr for ein tur fram og tilbake mellom Olden og Innvik. Men Støyva og kommunstyret i Stryn ønskjer straksutbetringar på vegstrekka i form av møteplassar.
Usikkert
Rv 60 mellom Olden og Innvik er ein svært smal og kronglete veg, og folk har tidlegare gjeve uttrykk for at utbetringar må skje med ein gong. Med bompengefinansiering ville ein brei veg med gul stripe stått ferdig i 2009. No er det svært usikkert når vegen vil bli utbetra.
Staten sitt ansvar
Likevel har innbyggarane i området sagt i frå om dei ikkje vil betale bompengar. – Dette er staten sitt ansvar. Det er absolutt feil at det er den lokale befolkninga som skal betale dette, seier KrF-politikar og vegforkjempar Johanna Nygjerd.