Kommunalministeren, og senterpartileiaren, har vore igjennom ein tøff periode i det siste.
Skal ein tru skattelistene, som vart publisert natt til fredag, er den økonomiske situasjonen langt betre.
Med over ein million kroner viser oversikta at Liv Signe Navarsete frå Lærdal tener mest av dei profilerte politikarane frå fylket. På plassen bak følgjer Jenny Følling (Sp) med vel 50.000 kroner mindre. Følling er tidlegare ordførar i Gaular og fylkesvaraordførar. Følling har i tillegg ei lang rekkje styreverv.