Navarsete beklagar utbrotet

Senterpartileiar Liv Signe Navarsete (Sp) beklagar utbrotet mot sjukehusaksjonist på Nordfjordeid i går.

Video Liv Signe Navarsete blir sint

SINT: Liv Signe Navarsete klarte ikkje halde seg då illsint aksjonist skulda ho for å drive med distriktsdebygging.

  • Kva meiner du? Delta i debatten nede i artikkelen...

Navarsete vart i går kveld møtt av illsinte sjukehusforkjemparar på Eid, og då ho vart kritisert av ein av aksjonistane fekk Navarsete nok.

Janne Endal Andersson skulda Navarsete for å svikte distrikta, men det likte ikkje statsården å høyre. Navarsete ringte Andersson i går kveld og ba om orsaking for utbrotet.

Ringte sjukehusforkjempar

– Eg hadde ein veldig god samtale Janne Endal Andersson etterpå, og vi er begge samde om at vi treng eldsjeler som står på for distrikta. Vi treng også politikarar som står på, og eg prøver er vere blant dei, seier Navarsete til NRK.no.

Navarsete var på veg til eit lukka medlemsmøte med Sogn og Fjordane Senterparti då ho vart møtt av eit titals sjukehusaksjonistar. Då Andersson skulda Navarsete for å drive med distriktsnedbygging, klarte ikkje Sp-leiaren å halde seg.

I ettertid beklagar Navarsete det heile:

– Eg beklagar dersom det vart oppfatta som at eg var sint. Eg vart nok veldig engasjert, for sjukehussaka er ei hjartesak for meg. Eg beklagar, seier Navarsete.

Tydeleg prega

Navarsete var tydleg prega av det som for ho har vore ei vanskeleg sak. Ho seier ho har arbeidd dag og natt, og stått på for å berge sjukehusa.

– Det er leitt å føle at ein har svikta folk som ein definitivt ikkje ønskjer å svikte i ei så viktig sak, seier Navarsete.

Illsinte sjukehusaksjonistar møtte Liv Signe Navarsete

ILLSINTE: Liv Signe Navarsete vart møtt av illsinte sjukehusforkjemparar. Wenche Søvik Myklebust seier Navarsete må stå på.

Foto: NRK