NRK Meny
Normal

NAV-arbeidsplassar kan verte flytta til Bergen

Fylkeskontoret til NAV på Leikanger kan verte flytta til eit nytt regionkontor i Bergen. Ingen av dei tilsette vil miste jobben, men ordføraren på Leikanger fryktar tap av arbeidsplassar og ber om å få møte departementet.

Tore Thorsnes

HAR TRUA: Avdelingsdirektør Tore Thorsnes i NAV meiner ingen vil måtte flytte frå Leikanger, sjølv om fylkeskontoret vert flytta til Bergen.

Foto: NAV

Ved fylkeskontoret til NAV på Leikanger sit den øvste, lokale leiinga for etaten i Sogn og Fjordane. Mellom 17 og 20 personar jobbar ved kontoret som arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng føreslår å flytte.

Forslaget kjem i kjølvatnet av at fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane alt har avtala at Bergen skal vere hovudsetet for NAV i den nye regionen. Vågeng føreslår at det vert oppretta 12 nye regionkontor kringom i landet frå 1. januar 2020. Med eitt unnatak følgjer forslaget grensene for dei nye regionane som Stortinget nyleg vedtok. Det er departementet som tek endeleg avgjerd i saka.

– Ingen stor overrasking

Dei tilsette ved fylkeskontoret vart orienterte om forslaget i går. Ifølgje avdelingsdirektør for NAV i Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, kom ikkje beskjeden som noko stor overrasking.

– Reaksjonen var nok at ein godt kunne tenkt seg ei anna løsying, men vi var førebudde på at forslaget ville kome. Det er ingen som vil miste jobben. Alle vil få tilbod om andre arbeidsoppgåver i NAV. Det betyr at dei tilsette anten vil få tilbod om å flytte med til Bergen eller at funksjonar vert liggjande att på Leikanger eller at dei får andre oppgåver, forklarer Thorsnes.

– Neppe nokon som må flytte frå Leikanger

Han vedgår at sjølve stillingane som vert råka gradvis vert utfasa eller flytta til Bergen. Men for personane som har arbeidsplassen sin på Leikanger er han ikkje uroa. Thorsnes syner til at det i dag er kring 180 NAV-tilsette i Leikanger og Sogndal, og at det difor ikkje vil vere så vanskeleg å omfordele oppgåver på ein slik måte at ein klarer å behalde alle.

– Det er neppe nokon som må flytte frå Leikanger på grunn av dette, seier han.

Thorsnes vel å vere optimist med tanke på framtida til NAV på Leikanger. Han meiner kontoret absolutt har store mogelegheiter for å kunne ta på seg nye, regionale oppgåver.

– Vi er framoverlente, og strategien vår vil framleis vere å jobbe for å få tilført nye oppgåver.

(artikkelen held fram under biletet)

Ordførar i Leikanger Jon Håkon Odd før Fylkesmannen sin presentasjon.

SKEPTISK: Ordførar Jon Håkon Odd på Leikanger håpar departementet vil hjelpe han med å få behalde NAV_arbeidsplassar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Ber om møte

Ordførar Jon Håkon Odd (Ap) på Leikanger er ikkje like roleg som avdelingsdirektøren i NAV. Han vil no be departementet om eit møte for å få til det han kallar avbøtande tiltak. Han meiner det er viktig med eit sterkt fylkeskontor for å sikre nærleik til brukarane og eit best mogeleg tilbod i Sogn og Fjordane.

– Kan få store konsekvensar

Odd likar fryktar utviklinga som skapar uvisse i kommunen hans.

– Vi er inne i mange samtidige reformer av både statleg og regional forvalting. Leikanger er vertskommune for veldig mange arbeidsplassar. Konsekvensane for Leikanger-samfunnet kan verte store om tendensen vi ser i dag held fram, med sentralisering ikkje berre til Oslo, men og til Bergen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser