Hopp til innhold

Naudnettet er eit halvt år forseinka, men han trur det blir bra når det kjem

Det nye digitale naudnettet blir klart til bruk i Sogn og Fjordane vel eit halvt år seinare enn det som først vart lova.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand

HÅPAR DET IKKJE BLIR FLEIRE FORSEINKINGAR: Fylkesbererdskapssjef Haavard Stensvand.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I november 2013 vart det sagt at naudnettet skulle vere ferdig til bruk i Sogn og Fjordane i desember 2014. No har Direktoratet for nødkommunikasjon - DNK - sendt eit brev til fylkesmennene.

Der går det fram at nettet skal vere ferdigstilt i Hordaland og Sogn og Fjordane tidleg i tredje kvartal 2015. Berre to politidistrikt i Finnmark får nettet seinare.

Det betyr ei forseinking på vel eit halvt år, konstaterer fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

– Det ideelle hadde vore om vi fekk det etter den opphavelege tidsplanen. Men dette er eit nett som skal vare i frykteleg mange år, og eg går ut frå at det er gode grunnar til forseinkinga.

– Det viktigaste er at nettet kjem, og at det er veldig bra når det kjem. Så får vi berre leve så godt vi kan med det eksisterande analoge nettet.

190 basestasjonar i Sogn og Fjordane

Avdelingsdirektør Cecilie B. Løken i DNK seier at det blir forseinking i nokre få distrikt.

– Sogn og Fjordane er dessverre eitt av desse. Det er utfordrande å byggje naudnett. Vi byggjer basestasjonar og knyter desse til datalinjer over heile landet. Det å byggje 2100 basestasjonar med nye master og tilhøyrande byggjesaksprosessar involverer mange aktørar.

Ho har god tru på at den tidsplanen dei no har presentert vil halde, slik at naudnettet skal vere klart i juli/august neste år.

– I Sogn og Fjordane er det cirka 190 basestasjonar som skal gje dekning. Av desse er 120 alt ferdigbygde, så det er ikkje slik at skjer noko. Men naudnettet skal vere ekstra sikkert, og det aller meste må vere på plass før det kan takast i bruk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Cecilie B. Løken

Avdelingsdirektør Cecilie B. Løken i DNK.

Foto: Olav Heggø

Dårleg dekning i eksisterande nett

Det eksisterande nettet har mange manglar. Det har synt seg i samband med fleire store hendingar som brannen i Gudvangatunnelen

– Det største ulempa med det eksisterande nettet er dårleg dekning, særleg politiet slit med dekninga i nettet. I tillegg er det eit ope nett som alle kan lytte på. Det nye nettet vil bli mykje meir funksjonelt, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

No håpar fylkesberedskapssjefen at det ikkje blir fleire forseinkingar.

– Det får vi håpe og tru at det ikkje blir. Det viktigaste er at det blir eit bra nett når det kjem, og det har eg veldig god tru på at det blir.

Positive røynsler

I alt skal det bli om lag 2100 basestasjonar i det nye naudnettet i Norge, og det får i alt 40.000 brukarar. I brevet til fylkesmennene skriv DNK at røyslene frå område der nettet er operativt, i all hovudsak er positive. Der er det 99,95 prosent tilgjengelegheit.

I politidistrikta Oslo, Asker og Bærum, Østfold, Follo, Søndre Buskerud og Romerike vart nettet teke i bru av alle etatar sommaren 2012. Hedmark, Gudbrandsdal og Vestoppland tok i bruk nettet i utgangen av 2013, medan Nordre Buskerud, Vestfold, Telemark og Agder vart ferdigstilt i juni i år.

Deretter kjem Rogaland, Haugaland, Sunnhordland, Sunnmøre og Romsdal seinhaustes i år. Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag får nettet klart til bruk i andre kvartal 2015.

Helgeland, Salten, Midtre Hålogaland og Troms blir ferdigstilt sommaren 2015, Vestfinnmark og Østfinnmark tidleg haust 2015.