Hopp til innhold

Denne gir brannmennene ein heilt ny kvardag

– Kvardagen som brannmann kjem til å bli heilt annleis, seier varabrannsjef i Vågsøy, Kim Hjelle, om det nye naudnettet som er på veg.

Ny radio

NY KVARDAG FOR NAUDETATANE: Frå årsskifte blir dei gamle personsøkarane bytta ut med nye radioar.

Foto: Silje Guddal / NRK

På slutten av året kan han og kollegaene i brannvesenet ta i bruk det nye naudnettet.

Hjelle gler seg til å kunne kaste dei gamle personsøkjarane, som har avgrensa rekkevidde, og få nye radioar!

– Det blir fantastisk bra, slike skal alle brannmannskap i framtida bere beltet, seier Hjelle og viser fram den nye radioen dei skal ta i bruk.

Når det nye naudnettet og blir tatt i bruk ved årsskifte blir det ein nye kvardag for Hjelle, resten av brannmannskapa i fylket.

Kim Hjelle

GLER SEG TIL Å TA I BRUK NY TEKNOLOGI: varabrannsjef i Vågsøy, Kim Hjelle.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det går nesten ikkje an å samanlikne denne radioen og personsøkarane vi har i dag. Men personsøkarane kunne eg få tak i mannskap i Måløy sentrum. Med den nye radioen kan eg nå dei anten e på Bryggja, Refviksanden, Kvalheim eller Kråkenes, seier Hjelle og brukar geografiske eksempel frå heimkommunen.

Den største fordelen blir nok likevel kontakten med dei andre naudetatane. I dag er det eit problem for Hjelle og kollegaene å få kontakt med dei andre naudetatane som politi og helse når dei rykker ut på ulukker og brannar

– Med det nye sambandet treng vi berre bytte ein kanal og så har vi både politi og ambulanse på sambandet, med ein gong vi køyrer ut av brannstasjonen..

Kostbart for kommunane

Men det er ei lite men med det nye systemet. Det kostar. Kommunane må rekne med 50 prosent høgare utgifter til brannberedskapen når det nye naudnettet blir tatt i bruk. Staten dekker dei første oppstartskostnadane, seinare må til dømes det kommunale brannvernet koste bruk og tilgang sjølv.

– Eg trur eg vil vere så frimodig å seie at dei som meiner kostnadane blir enorme, dei har nok ikkje hatt så mykje frå før. Det seier Tor Helge Lyngstøl direktør i direktoratet for naudkommunikasjon.

– Dersom samanliknar noko som er tilnærma gratis med noko som er nytt og skikkeleg så gir det seg sjølv at det blir dyrare.

Han ser at kostnadsspørsmålet kan føret ulikt tilbodet kommunane i mellom

– Men det vil vere lite lurt om vi bygger ei nytt naudnett i heile landet, og så skaffar ikkje kommunane set utstyret som gjer at dei kan ta det i bruk