Hopp til innhold

Håpar på å få behalde Naustdalsulven

Jaktlaget som i går skaut ulv i Naustdal håpar rovdyret kan bli verande i Sunnfjord. Dei meiner Naustdal er den naturlege plassen for ulven.

Ulven i Naustdal

BØR BLI I NAUSTDAL: Ulven som har drepe sauer i Sunnfjord bør bli verande i Naustdal, meiner jaktlaget.

Foto: Elias Engevik / NRK

Jaktlaget som i går skaut ulv i Naustdal håpar rovdyret kan bli stoppa ut og tatt vare på i Sunnfjord.

– Det er enno ikkje bestemt kva som vil skje med ulven. Det er litt tidleg å seie. Det seier jaktleiar Stein Mortensbakke.

Ulv skutt i Naustdal

64 ÅR SIDAN SIST: Ulven som vart felt i Naustdal tysdag var liten samanlikna med den som vart skoten for 64 år sidan.

Foto: Stein Mortensbakke

Han har leia arbeidet med å få felt ulven som har vore observert fleire stader i Førde og Naustdal. Statens naturoppsyn har stadfesta at ulv har teke minst 160 sauer i området.

I går vart ulven skoten i området ovanfor Espeland mot Espelandsstølen i Naustedalen. Eit jaktlag på fem personar hadde spora ulven etter observasjonar som vart gjort sundag.

– Eg har snakka med SNO og mest truleg får vi behalde ulven. Han blir nok utstoppa, men kvar han blir verande og kven som får ansvaret for han er for tidleg å seie.

Dermed er det 64 år sidan sist ein ulv vart skoten i Sunnfjord.

Ulven som var skoten i Naustdal

STOR MERKSEMD: Mange kom på tunet for å sjå ulven på 41,5 kg. (Foto/Redigering: Elias Engevik)